4. Mosebok 28
28
Herren gjev lover um det dagvisse offeret, 1-8, um offeri som skal berast fram kvar sabbat, 9.10, kvar nymånedag, 11-15, i påskehelgi, 16-25, og pinshelgi, 26-31.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2So skal du segja til Israels-borni: Offeret mitt, maten min, eldofferi mine, som angar godt for meg, lyt de koma i hug å bera fram for meg på si visse tid. 3Seg til dei: So skal dei eldofferi vera som de ber fram for Herren: Tvo årsgamle lytelause lamb um dagen til fast brennoffer.#2 Mos 29,38-42 4Eitt lamb skal du ofra um morgonen og eitt solegladsbel, 5og til matoffer tiandeparten av ein efa fint mjøl, blanda med fjordeparten av ein hin olje av sundstøytte oljebær. 6Det skal vera det faste brennofferet, so som det vart frambore ved Sinaifjellet til ein kveikjande ange, eit eldoffer for Herren. 7Og drykkofferet som høyrer til det eine lambet, skal vera fjordeparten av ein hin; i heilagdomen skal du ofra drykkoffer av sterk drykk til Herren. 8Det andre lambet skal du ofra solegladsbel; med same matofferet som um morgonen og same drykkofferet skal du bera det fram; det er eit eldoffer som angar godt for Herren. 9Um sabbatsdagen skal du ofra tvo årsgamle lamb utan lyte og til matoffer tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje, og drykkofferet som høyrer til. 10Det er sabbats-brennofferet, som skal berast fram kvar sabbat, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til. 11Den fyrste dagen i kvar månad skal de bera fram eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb utan lyte, 12og til matoffer tri tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med olje, for kvar ukse, og tvo tiandepartar fint mjøl, blanda med olje, attåt veren, 13og ein tiandepart fint mjøl, blanda med olje, for kvart lamb; då er det eit brennoffer som angar godt, eit eldoffer for Herren. 14Og drykkofferet som høyrer til, skal vera ein halv hin vin for kvar ukse og tridjeparten av ein hin til attåt veren og fjordeparten av ein hin for kvart lamb. Dette er månads-brennofferet som de skal bera fram kvar nymåne-dag i året. 15Då skal de og ofra ein geitebukk til syndoffer åt Herren, umfram det daglege brennofferet og drykkofferet som høyrer til. 16Den fjortande dagen i den fyrst månaden er det påskehelg for Herren.#2 Mos 12,18; 3 Mos 23,5-22; 5 Mos 16,1-8 17Og den femtande dagen i den same månaden er det helg; då skal de eta usyrt brød sju dagar. 18Den fyrste dagen skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid. 19Og de skal bera fram eit eldoffer, eit brennoffer for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb - lytelause skal dei vera - 20og til matoffer attåt dei fint mjøl, blanda med olje: tri tiandepartar av ein efa for kvar ukse og tvo tiandepartar attåt veren, 21og ein tiandepart for kvart av dei sju lambi, 22og so ein geitebukk til syndoffer; med den skal de gjera soning for dykk. 23Dette skal de ofra umfram morgon-brennofferet, som høyrer til det daglege brennofferet.#4 Mos 28,3-8#28,23 brennofferet V. 3-8. 24Sovorne offer skal de bera fram kvar av dei sju dagane; det er eldoffermat som angar godt for Herren; attåt det daglege brennofferet skal de bera det fram, med drykkofferet som høyrer til. 25Den sjuande dagen skal de halda eit heilagt møte, og noko utearbeid må de ikkje gjera då. 26Nygrødedagen, når de ber fram for Herren eit offer av den nye grøda og høgtidar sjuvikehelgi, då skal de halda eit heilagt møte og må ikkje gjera noko utearbeid.#3 Mos 23,15-30 27Og de skal bera fram eit brennoffer til godange for Herren: tvo unge uksar og ein ver og sju årsgamle lamb, 28og til matoffer attåt det fint mjøl, blanda med olje, tri tiandepartar av ein efa for kvar ukse og tvo tiandepartar attåt veren, 29og ein tiandepart for kvart av lambi, 30og so ein geitebukk som de skal gjera soning for dykk med. 31Det skal de ofra umfram det daglege brennofferet og matofferet som høyrer til. Offeri skal vera lytelause, og dei vanlege drykkofferi skal vera med.#4 Mos 28,23
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 28: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: