4. Mosebok 27
27
Døtterne åt Selofhad krev odel tilliks med farbrørne sine, 1-5; Herren segjer at det skal vera som dei vil, og gjev lover um erveretten, 6-11. Han byd at Moses skal stiga upp på Abarimfjellet og sjå utyver det landet som folket skal få; men sjølv skal han ikkje koma inn i det, 12-14. Moses bed Gud velja ut ein mann som kann føra folket inn i landet; Josva vert vigd til å vera førar for folket etter Moses, 15-23.
1Men døtterne åt Selofhad - dei heitte Mahla og Noa og Hogla og Milka og Tirsa og var ætta frå Manasse, Josefs son; for Selofhad, far deira, var son åt Hefer, son åt Gilead, son åt Makir, son åt Manasse -#4 Mos 26,33; Jos 17,3-6 2dei gjekk fram i møtetjelddøri og stod framfor Moses og Eleaser, presten, og alle hovdingane og heile lyden og sa: 3Far vår døydde i øydemarki, men han var ikkje med i den flokken som sette seg upp mot Herren - i Korah-flokken - han døydde for si eigi synd skuld, og han hadde ingi søner.#4 Mos 14,29; 16,1-19#27,3 skuld 14,29. 4Skal no namnet åt far vår ganga ut or ætti av di han ingen son hadde? Gjev oss odel tilliks med farbrørne våre! 5Moses bar saki deira fram for Herren.#3 Mos 24,12 6Og Herren sa til Moses: 7Det er rett som døtterne åt Selofhad segjer. Du skal gjeva dei odel tilliks med farbrørne deira og lata farsgarden ganga i arv til dei. 8Og til Israels-borni skal du segja: Når ein mann døyr og ikkje hev nokon son, so skal de lata garden hans ganga i arv til dotteri. 9Hev han ingi dotter, so skal de gjeva brørne hans garden; 10og hev han ikkje brør, so skal de lata farbrørne hans få garden; 11men hadde ikkje faren nokon bror, so skal den næmaste skyldingen i ætti få garden til odel og eiga. Dette skal gjelda for rett hjå Israels-borni, soleis som Herren hev sagt Moses fyre. 12Sidan sa Herren til Moses: Stig upp på Abarimfjellet her og sjå utyver landet som eg hev gjeve Israels-borni!#5 Mos 32,48-49 13Og når du hev set det, skal du og fara til federne dine som Aron, bror din, fyre deg,#4 Mos 20,28 14av di de var ulydige mot meg i Sinøydemarki, då lyden tretta med meg, og de skulde helga meg og lata vatnet strøyma fram for augo deira. - Av det hev Meribakjelda ved Kades i Sinøydemarki fenge namn.#4 Mos 20,12.24 15Då tala Moses til Herren og sa: 16Herre, du Gud som råder yver livsens ande i alt kjøt, vil ikkje du setja ein mann yver lyden,#4 Mos 16,22 17som kann ganga fyre dei både heime og burte og føra dei både ut og inn, so ikkje Herrens lyd skal vera som ein saueflokk utan hyrding! 18Og Herren sa til Moses: Tak Josva, son åt Nun! Han er ein mann som det er ånd i. Legg handi på hovudet hans,#1 Mos 41,38; 5 Mos 3,21; 34,9 19og leid han fram for Eleasar, presten, og for heile lyden og set han inn i tenesta framfor augo deira, 20og gjev han noko av den vyrdnaden du hev med deg, so heile Israels-lyden lyt lyda han! 21Og han skal ganga fram for Eleasar, presten, og Eleasar skal for Herrens åsyn spyrja urim for han, og etter hans ord skal dei ganga ut og ganga inn, både han og heile Israels-borni og heile lyden.#2 Mos 28,30; 3 Mos 8,8 22Moses gjorde som Moses hadde sagt; han tok og leidde Josva fram for Eleasar, presten, og heile lyden, 23og Eleasar la hendene på han og sette han inn i tenesta, som Herren hadde havt Moses til å segja til han.#4 Mos 8,10; Apg 13,3
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 27: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2