4. Mosebok 24
24
Bileam velsignar Israel tridje gongen og spår um framtidi åt folket. Balak vert brennande harm; Bileam orsakar seg framleides med at han berre kann tala det som Herren vil, 1-14. Han spår at det skal koma ei mektig kongeætt i Israel; i Messias skal ho nå si høgste makt og vinna yver alle fiendane åt gudsfolket. So fer han heim att til sitt eige land, 15-25.
1Då Bileam såg at det var Herrens vilje at han skulde velsigna Israel, gjekk han ikkje burt og søkte teikn, som han fyrr hadde gjort; han vende andletet mot øydemarki#4 Mos 23,3.15 2og såg utyver, til han fekk auga på Israels-ættene, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver han, 3og han kvad: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att,#24,3 att augo hans er attlatne for den synlege verdi. 4so segjer han som høyrer ord i frå Gud, som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo: 5Kor fagre tjeldi dine er, Jakob, dine bustader, Israel! 6Som vide bekkedalar, som hagar attmed ei å, som aloëtre Herren hev planta, som sedrar attmed vatnet! 7Det strøymer vatn or spanni hans, og ætti hans bur attmed mykje vatn. Større enn Agag skal kongen hans vera og upphøgt hans kongerike.#Jes 58,11; 1 Sam 15,8#24,7 Agag truleg eit samnamn for kongane i Amalek; 1 Sam. 15,8. 8Gud førde han ut or Egyptarland; styrke hev han som ein villukse; han skal eta upp heidningfolki som er hans fiendar, og knasa beini deira og skyta dei sund med pilene sine.#4 Mos 23,22; 5 Mos 33,17 9Han legg seg ned, han kviler som ei løva, ei løvemor; kven vågar å vekkja han? Velsigna vere den som velsignar deg, og forbanna den som bannar deg!#4 Mos 23,24; 1 Mos 49,9; 12,3; 27,29 10Då vart Bileam brennande harm på Bileam; han slo i hop hendene og sa til han: Eg kalla deg hit so du skulde banna uvenene mine, og no hev du velsigna dei tri gonger! 11Far no heim med deg so fort du kann! Eg hadde tenkt å visa deg æra, men du ser Herren hev meinka deg den. 12Bileam svara: Sa eg det ikkje straks til dei mennene du sende til meg: 13Um Balak gav meg huset sitt fullt av sylv og gull, so kunde eg ikkje brjota Herrens bod og gjera noko etter min eigen hug, anten godt eller vondt; berre det Herren vil, kann eg tala.#4 Mos 22,18.38 14No fer eg heim att til folket mitt, men fyrst vil eg varsla deg kva dette folket kjem til å gjera men ditt folk i komande dagar.#1 Mos 49,1#24,14 dagar 1 Mos. 49,1. 15So tok han til å kveda og sa: So segjer Bileam, Beors son, so segjer mannen med augo att,#4 Mos 24,3#24,15 att V. 3. 16so segjer han som høyrer ifrå Gud, og som får vita det den høgste veit, han som ser syner frå den Allmektige, sigen ned med opna augo: 17Eg ser han, men ikkje no, eg skodar han, men ikkje nær; ei stjerna stig upp or Jakob, ein kongsstav lyfter seg frå Israel; han knasar Moabs tunnvangar og øyder ufredsætti ut.#Matt 2,2-12; 2 Sam 8,2; Sal 110,5-6 18Edom vert eigedomen hans, og Se'ir, fiendelandet, slær han under seg; stort velde vinn Israel.#2 Sam 8,14; Am 9,11-12; Ob 1,18-21 19Frå Jakob kjem den som skal råda; han rydjer ut or byane dei som hev berga seg dit.#4 Mos 24,17; Sal 72,8; Mi 5,1 20So såg han amalekitane. Då tok han til å kveda og sa: Fyrst millom heidningfolki er Amalek; men ein gong gjekk han til grunns.#2 Mos 17,14; 5 Mos 25,19; 1 Sam 15,7 21Og han såg kenitane og kvad: Din bustad er so fast ei borg, på nuten hev du bygt ditt reir; 22men endå vert Ka'in øydelagt når Assur fører deg av stad.#24,22 Ka'in ættefaren åt kenitane stend i staden for folket sjølv. 23So tok han til å kveda att og sa: Ai, ei, kven fær vel leva då, når Gud let dette ganga fram? 24Skip kjem frå Kittimleidi; dei døyver Assur, og dei døyver Eber; men han og gjeng til grunns.#24,24 Kittimleidi Kittim er det same som Kypern, og i vidare meining øyane og havstrendene nordvest for Jødeland.#24,24 han han som kjem frå Kittimleidi. 25So gjorde Bileam seg reidug og for heim att, og Balak tok og på si leid.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 24: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: