4. Mosebok 15
15
Herren gjev lover um matofferet og drykkofferet dei skal bera fram attåt alle offer av buskapen, 1-16, og um offer av fyrstegrøda, 17-21, og um sonoffer for syndene som folk gjer uviljande, 22-31. Dei steinar ein som hev brote sabbaten, 32-36. Israels-borni skal gjera seg duskar og hava i snippane på klædi sine; duskane skal minna dei um Herrens bod, 37-41.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet de skal bu og byggja i, det som eg vil gjeva dykk, 3og de ofrar eldoffer til Herren - brennoffer eller slaktoffer av storfe eller småfe til godange for Herren - anten det er ein lovnad de vil løysa, eller det er eit friviljugt offer eller eit høgtidsoffer, 4so skal den som ber offeret sitt fram for Herren, koma med eit matoffer, og det skal vera tiandeparten av ein efa mjøl, blanda med fjordeparten av ein hin olje, 5og til drykkoffer skal du gjeva fjordeparten av ein hin vin attåt brennofferet eller slaktofferet, dersom det er eit lamb;#2 Mos 29,40-42 6er det ein ver, so skal du til matoffer gjeva tvo tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med tridjeparten av ein hin olje, 7og til drykkoffer skal du bera fram tridjeparten av ein hin vin; då er det eit offer som angar godt for Herren. 8Ofrar du ein ung ukse til brennoffer eller slaktoffer, anten det er ein lovnad du vil løysa, eller eit takkoffer til Herren, 9so skal du attåt uksen bera fram tri tiandepartar av ein efa fint mjøl, blanda med ein halv hin olje, til matoffer, 10og til drykkoffer ein halv hin vin; då er det eit eldoffer som gjev god ange for Herren. 11Soleis skal de gjera for kvar ukse eller ver og for kvart lamb eller kje 12de ofrar, anten offerdyri er få eller mange. 13Alle som er fødde og borne i landet, skal gjera so som eg hev sagt, når dei vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren. 14Er det nokon framand som held til hjå dykk, eller som bur fast millom dykk, og vil bera fram eit eldoffer til godange for Herren, so skal han gjera like eins som de. 15Det gjeld same lovi for heile lyden, for dykk sjølve so vel som for dei framande som held til hjå dykk - ei æveleg lov, frå ætt til ætt; for Herrens åsyn gjeld det same for den framande som for dykk sjølve.#2 Mos 12,49; 3 Mos 24,22; 4 Mos 9,14 16Ei lov og ein rett skal vera for dykk og for dei framande som held til hjå dykk. 17Og Herren tala til Moses og sa: 18Tala til Israels-borni og seg til dei: Når de kjem inn i det landet som eg vil føra dykk til, 19og et av det brødet som landet gjev, so skal de koma med ei reida til Herren. 20Av det fyrste av deigen dykkar skal de bera fram ei kaka til reida, liksom de ber fram reida frå treskjestanden.#3 Mos 23,10-11 21Av det fyrste av deigen dykkar skal de all tid gjeva Herren ei reida, ætt etter ætt. 22Fer de i mist og gløymer noko av dei bodi som Herren hev gjeve Moses, 23og som Moses hev kunngjort for dykk frå den dagen Herren gav bodet, og seinare fram igjenom alle ætter, 24og det er uviljande gjort og lyden uvitande, so skal heile lyden bera fram ein ung ukse til brennoffer og godange for Herren, med matoffer og drykkoffer som til høyrer, soleis som det er fyresagt, og ein geitebukk til syndoffer,#3 Mos 4,13-21 25og presten skal gjera soning for heile Israels-lyden; då skal dei få tilgjeving, etter di det var uviljande gjort, og dei hev kome fram for Herrens åsyn med offergåva si, eit eldoffer til Herren, og bore fram syndoffer til bot for si misferd. 26Både heile Israels-lyden og dei framande som held til hjå dei, skal få tilgjeving; for heile folket hadde misfare seg uviljande. 27Når ein einskildmann syndar uviljande, so skal han bera fram ei årsgamal geit til syndoffer.#3 Mos 4,27-35 28Og presten skal gjera soning for Herrens åsyn for den som uviljande hev misfare seg og synda, so han kann få tilgjeving når soningi for han er fullførd. 29Det skal vera same lovi for dei som er fødd og boren millom Israels-borni, og for den framande som held til hjå dei; ho gjeld for dykk alle når de uviljande gjer noko gale. 30Men den som gjer noko gale med upplyft hand, anten det er eit heimemenneske eller ein framand, han heder Herren og skal rydjast ut or folket sitt;#15,30 hand i trass, med vitande og vilje. 31for han hev vanvyrdt Herrens ord og brote bodet hans. Den mannen skal rydjast ut; han skal lida for brotet sitt. 32Medan Israels-borni var i øydemarki, råka dei ein gong ein mann som sanka ved ein sabbatsdag.#2 Mos 20,8 33Dei som kom yver han medan han sanka veden, førde han fram for Moses og Aron og heile lyden. 34Og dei sette han fast; for det var ikkje gjeve noko serskilt bod um kva som skulde gjerast med han.#3 Mos 24,12; 4 Mos 9,8 35Då sa Herren til Moses: Mannen skal lata livet; heile lyden skal steina han utanfor lægret. 36So førde heile lyden han ut til ein stad utanfor lægret og steina han i hel, soleis som Herren hadde sagt Moses fyre. 37Og Herren sa til Moses; 38Tala til Israels-borni og seg til dei at dei skal gjera seg duskar og hava i snippane på klædi sine, både dei og etterkomarane deira, og i kvar dusk skal dei setja ei blå snor.#5 Mos 22,12; Matt 23,5 39Svorne duskar skal de hava, so de, når de ser på dei, skal minnast alle Herrens bod og halda dykk etter dei, so de ikkje fer hit og dit etter som augo og hjarta segjer dykk til; for dei lokkar dykk til utruskap. 40Det er so de skal koma i hug alle bodi mine og halda dei og vera heilage for dykkar Gud. 41Eg er Herren dykkar Gud, som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud. Eg er Herren dykkar Gud.#2 Mos 20,2
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
4. Mosebok 15: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2