3. Mosebok 6
6
Herren gjev nøgnare fyresegner um brennofferi, 1-6, og um matofferi, 7-16, og um syndofferi, 17-23.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Seg til Aron og sønene hans: So er lovi um brennofferet: Brennofferet skal liggja på bålet sitt på altaret heile natti, til morgons, og soleis skal altarelden nørast.#3 Mos 1,3-9 3Og presten skal klæda seg i lereftskjolen sin, og ei lereftsbrok skal han hava på seg næst kroppen, og han skal taka burt oska etter brennofferet som elden hev tært upp på altaret, og leggja henne attmed altaret. 4So skal han hava av seg klædebunaden sin og taka på seg andre klæde og bera oska ut or lægret til ein rein stad.#3 Mos 4,12 5Men elden skal haldast vaken på altaret; han må ikkje slokna. Kvar morgon skal presten nøra elden med ved, og leggja brennofferet uppå veden og saman med det brenna takkofferfeittet. 6Elden skal allstødt brenna på altaret og må aldri slokna. 7So er lovi um matofferet: Arons-sønene skal bera det fram for Herrens åsyn, fram åt altaret.#3 Mos 2,1-10 8Og presten skal taka ein neve av det fine mjølet og oljen i matofferet og all røykjelsen som fylgjer med matofferet, og brenna det på altaret; det er eit minningsoffer åt Herren, eit som gjev god ange. 9Og det som er att av offeret, skal Aron og sønene hans eta; det skal etast usyrt på ein heilag stad; i fyregarden til møtetjeldet skal dei eta det.#3 Mos 2,3.10 10Med surdeig må det ikkje bakast. Det er den luten eg hev gjeve dei av eldofferi mine; høgheilagt er det liksom syndofferet og skuldofferet.#3 Mos 2,11 11Alle menner som er ætta frå Aron, må eta av det; gjenom alle tider og ætter skal det vera dykkar lut av Herrens eldoffer; kvar den som rører dei, skal vera heilag. 12Og Herren tala til Moses og sa: 13Den offergåva som Aron og sønene hans skal bera fram for Herren den dagen ein av dei vert salva, det er tiandeparten av ein efa fint mjøl; det skal vera det dagvisse matofferet, helvti um morgonen og helvti um kvelden. 14Med olje skal det lagast til på ei takka; godt knoda skal det vera når du kjem med det; eit matoffer som er sundbytt i småstykke, skal du bera fram til godange for Herren.#3 Mos 2,6 15Den av sønene åt Aron som vert salva til prest i staden hans, skal laga det til; det er ei æveleg lov; heile offeret skal brennast for Herren. 16Alle preste-matoffer skal vera heiloffer; dei må ikkje etast. 17Og Herren tala til Moses og sa: 18Tala til Aron og sønene hans og seg: So er lovi um syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferet, skal syndofferet og slaktast for Herrens åsyn; høgheilagt er det.#3 Mos 4,2-6; 1,3.5 19Presten som ber fram syndofferet, må eta det; på ein heilag stad skal det etast, i fyregarden til møtetjeldet.#3 Mos 4,22-35; 5,1-13 20Kvar den som rører offerkjøtet, skal vera heilag. Kjem det noko av blodet på eit klædeplagg, so skal du två det på ein heilag stad. 21Er det ei leirgryta kjøtet vert koka i, so skal ho slåast sund; men er det ein koparkjel, so skal han skurast og skyljast med vatn. 22Alle menner som er prestar, må eta av dette offeret; det er høgheilagt. 23Men dei syndofferi som det vert bore blod av inn i møtetjeldet, til å gjera soning med i heilagdomen, dei må aldri etast; dei skal brennast i elden.#3 Mos 4,3-21; 16,27; Hebr 13,11
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 6: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: