3. Mosebok 3
3
Herren gjev lover um takkoffer av storfeet, 1-5, og av småfeet, 6-16, og forbyd Israels-borni å eta feitt og blod, 17.
1Vil nokon bera fram eit takkoffer, og han tek det av storfeet, so kann det offerdyret han leider fram for Herrens åsyn, vera anten ukse eller ku, men lytelaust skal det vera.#3 Mos 7,11-21 2Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret og slakta det innmed døri til møtetjeldet, og Arons-sønene, prestane, skal skvetta blodet rundt ikring på altaret.#3 Mos 1,5 3So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen, 4og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro -#3 Mos 4,9; 7,4; 8,16 5og Arons-sønene skal brenna det på altaret saman med brennofferet som ligg på veden dei hev lagt på elden; det er eit eldoffer som gjev god ange for Herren. 6Er det av småfeet han tek det dyret som han vil bera fram for Herren til takkoffer, so kann det vera anten han eller ho, men det skal vera fritt for lyte. 7Vil han ofra ein sau, so skal han leida han fram for Herrens åsyn. 8Han skal leggja handi på hovudet åt offerdyret og slakta det framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. 9So skal han av takkofferet bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera alt feittet som er på sauen: spælen heil og halden - den skal han skjera av tett innmed roti - og netja og alt feittet som er på innvolen, 10og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro - 11og presten skal brenna det på altaret; det er eit eldoffermål for Herren. 12Er det ei geit han vil ofra, so skal han leida henne fram for Herrens åsyn. 13Han skal leggja handi på hovudet hennar og slakta henne framanfor møtetjeldet, og Arons-sønene skal skvetta blodet rundt ikring på altaret. 14So skal han av offeret sitt bera fram eit eldoffer åt Herren, og det skal vera netja og alt feittet som er på innvolen, 15og båe nyro med talgi som er på dei og rekk burtåt låri, og den store levreflaga - den skal han skjera utor i hop med nyro - 16og presten skal brenna det på altaret; det er eit eldoffermål som angar godt. Alt feitt høyrer Herren til. 17Ei æveleg lov skal det vera for dykk, frå ætt til ætt, kvar de so bur. Feitt og blod må de aldri eta.#3 Mos 7,23-27; 17,10-16; 19,26; 5 Mos 12,16; 1 Mos 9,4; Apg 15,20.29; 21,25
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 3: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2