3. Mosebok 27

27
Herren gjev lover um løysing for folk som helgar seg til Herren med ein lovnad, 1-8, um attløysing av dyr eller hus eller åkrar som er gjevne til Herren, 9-25, um det som kann helgast til Herren og løysast att, 26-29, og um attløysing av tiend, 30-33. Sluttord, 34.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Tala til Israels-borni og seg til dei: Når ein lovar å helga seg sjølv eller eit anna menneske til Herren, so skal du verdsetja den som er burtlova: 3Verdet på ein mann som er millom tjuge og seksti år, skal vera femti sylvsekel i heilag mynt; 4er det ei kvinna, so skal du setja verdet til tretti sekel. 5Eit menneske som er millom fem år og tjuge år, skal du setja i tjuge sekel dersom det er ein kar, og i ti sekel dersom det er ei kvinna. 6Er det eit barn millom ein månad og fem år, so skal verdet på ein gut vera fem sylvsekel og på ei gjenta tri sylvsekel. 7Dei som er seksti år eller meir, skal du setja i femtan sekel i fall det er menner, og i ti sekel i fall det er kvinnor. 8Er nokon so fatig at han ikkje kann greida ut pengane, so skal dei koma til presten med han, og presten skal setja verdet etter utkoma åt han som gjorde lovnaden. 9Er det dyr som er burtlova, av dei som folk ber fram til offer for Herren, so skal alt ein gjev Herren av slikt, reknast for heilagt. 10Ein må ikkje byta det um eller gjeva eit anna dyr i staden, korkje eit ringt for eit godt eller eit godt for eit ringt. Byter ein det like vel i eit anna dyr, so skal båe tvo gjelda for heilage. 11Men er det eit ureint dyr, eit av dei som ein ikkje kann gjeva Herren i offergåva, so skal det leidast fram for presten, 12og presten skal verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt; det som du, prest, set det i, det skal vera prisen på det. 13Vil eigaren løysa det att, so lyt han leggja femteparten meir enn det er verdsett til.#3 Mos 27,27 14Når ein helgar huset sitt til Herren, so skal presten verdsetja det etter som det er til, godt eller ringt, og det som presten set det i, skal gjelda for rette verdet. 15Vil den som hev helga huset sitt, løysa det att, so skal han leggja femteparten yver det verdet; då vert det hans. 16Når ein helgar noko av odelsjordi si til Herren, so skal verdet retta seg etter sådmengdi: ein homer byggsåd skal svara til femti sylvsekel. 17Helgar han jordi alt ifrå jubelåret, so skal det verdet gjelda fullt. 18Men er det etter jubelåret han helgar henne, so skal presten rekna ut verdet etter dei åri som er att til komande jubelår, og prisen skal setjast ned etter måten. 19Hev ein helga eit stykke av jordi si til Herren og sidan vil løysa det, skal han leggja femteparten yver verdet, so skal det vera hans for godt. 20Løyser han det ikkje, eller sel han det til ein annan, so kann det ikkje løysast meir; 21når då jubelåret kjem og jordi vert fri, skal ho vera helga til Herren, liksom jord som er vigsla; presten skal hava eigedomsretten til henne.#3 Mos 27,28-29; 25,24-34 22Når ein helgar til Herren eit stykke jord som han hev kjøpt, og som ikkje er hans odel, 23so skal presten rekna ut verdet etter tidi som er att til komande jubelår, og mannen skal greida ut pengane same dagen; dei skal vera helga til Herren. 24I jubelåret fell jordi attende til den han kjøpte av, og som hev odelen.#3 Mos 25,10 25All verdsetjing skal vera i heilag mynt, etter tjuge gera i sekelen. 26Det som er frumbore i buskapen, må ingen helga; etter di det er frumbore, er det longe Herrens eigedom; anten det er storfe eller småfe, so høyrer det Herren til.#2 Mos 13,2-16 27Er dei ureine dyr, so kann ein løysa dei att etter verdet, men lyt då leggja attåt femteparten; vert dei ikkje attløyste, so kann dei seljast for verdet. 28Det som ein vigslar åt Herren av eigedomen sin, anten det er folk eller fe eller odelsjord, det må ikkje seljast og ikkje løysast att; alt som er vigsla, er høgheilagt og høyrer Herren til.#5 Mos 3,6; 7,2; Jos 6,18; Mi 4,13 29Ingen mann som er bannstøytt, kann verta attløyst; han lyt lata livet.#1 Sam 15,3.9-10 30All tiend i landet, av grøda på marki og av alda på trei, høyrer Herren til; ho er helga til Herren.#4 Mos 18,21; 5 Mos 14,22 31Vil ein løysa att noko av tiendi, skal han leggja femteparten yver verdet. 32Og av alt bufeet, både stort og smått, alt som gjeng under hyrdingstaven, skal tiande kvart dyr helgast til Herren. 33Ein skal ikkje sjå etter um det er godt eller ringt, og ikkje byta det um. Vert det bytt i eit anna dyr, so skal dei vera heilage båe og må ikkje verta attløyste. 34Dette er dei bodi som Herren gav Moses på Sinaifjellet og baud han kunngjera for Israels-borni.#3 Mos 25,10

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

3. Mosebok 27: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល