3. Mosebok 26
26
Herren forbyd avgudsdyrkingi, 1-2; dersom Israels-borni vil halda bodi hans, so vil han velsigna dei på alle vis, 3-13; men er dei ulydige, vil han straffa dei strengt, 14-39; når dei vender um, vil han vera nådig mot dei, 40-46.
1De skal ikkje gjera dykk avgudar og ikkje reisa utskorne bilete eller minnestolpar eller setja biletsteinar i landet dykkar og kasta dykk på kne for dei; for eg er Herren dykkar Gud.#2 Mos 20,3-6; Sal 81,10 2Sabbatane mine skal de halda og hava age for heilagdomen min; eg er Herren.#2 Mos 20,8; 3 Mos 19,30 3Lever de etter mine lover og aktar på mine bod og held dei,#5 Mos 11,13-25; 28,1-14 4so skal eg senda dykk regn i rette tid, og jordi skal gjeva si grøda og trei på marki si alda.#Jer 5,24 5Treskjetidi skal vera hjå dykk til vinonni byrjar, og vinonni varer til såtidi, og de skal eta dykk mette av maten som de hev avla, og bu trygt i landet dykkar.#3 Mos 25,18-19 6Fred vil eg gjeva i landet; de skal liggja og kvila, og ingen skal skræma dykk upp; udyri vil eg øyda, so dei kverv burt ifrå landet, og sverd skal ikkje herja i landet dykkar;#Job 11,19; Sal 4,9 7uvenene skal de elta, og dei skal falla for sverdet dykkar; 8fem av dykk skal jaga eit hundrad, og hundrad jaga ti tusund, og fiendane skal falla for sverdet dykkar.#5 Mos 32,30; 2 Krøn 14,9.12 9Med milda vil eg møta dykk og lata dykk aukast og veksa og halda mi pakt med dykk. 10Fjorgamalt korn skal de eta, til dess de lyt rydja det undan so de fær rom åt det nye. 11Eg vil reisa min bustad ibland dykk og aldri leidast av dykk. 12Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.#2 Kor 6,16 13Eg er Herren dykkar Gud, som henta dykk ut or Egyptarlandet, so de ikkje skulde træla der lenger, og eg braut sund stengene i åket, so de kunde ganga rake.#Esek 34,27 14Men vil de ikkje høyra på meg, og gjer de ikkje alt det eg baud dykk,#5 Mos 28,15-68; 30,17-20 15mismæter de mine fyresegner og leidest lovene mine, so de ikkje held alle bodi mine, men bryt mi pakt, 16so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg makti or sjeli. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenene et det de avlar. 17Eg kvesser augo imot dykk; for fiendane skal de rjuka, uvenene skal råda yver dykk, og de skal røma um ingen er etter dykk. 18Og vil de endå ikkje lyda, so skal eg refsa dykk sju gonger meir for syndene dykkar. 19Eg bryt dykkar ovmod og makt, eg gjer dykkar himmel som jarn og jordi dykkar som kopar.#5 Mos 11,17 20Då øyder de krafti dykkar nyttelaust; for landet dykkar gjev ingi grøda, og trei i landet gjev ingi alda. 21Og gjer de meg endå imot, og vil de ikkje høyra på meg, so slær eg dykk sju gonger meir, som syndene dykkar er verde. 22Imot dykk sender eg udyr som ranar borni ifrå dykk og drep ned bufeet dykkar og veld at de tynnest i talet, so vegane dykkar vert aude.#Esek 14,15 23Og let de dykk endå ikkje tukta, men driv på og gjer meg imot, 24so gjer eg og dykk imot og slær dykk sju gonger meir for alt som de hev synda; 25eg sender yver dykk eit sverd som skal hemna pakti; og samlar de dykk i byane, so sender eg sott inn ibland dykk, og de skal falla i fiendehand.#Jes 1,20#26,25 pakti d. e. pakti som de braut. 26Når eg bryt sund brød-staven for dykk, då skal ti konor steikja brødet åt dykk i ein omn; dei skal gjeva dykk brødet att etter vekt, og de skal ikkje få eta dykk mette.#Esek 4,16; 14,13; Hos 4,10 27Og høyrer de endå ikkje på meg, og herder de på og trassar, 28so fer eg imot dykk med vreide og refsar dykk sju gonger meir for alle syndene de gjorde. 29Då skal de nøydast til å eta kjøtet av sønene dykkar og kjøtet av døtterne dykkar.#5 Mos 28,53; Jer 19,9 30Eg skal øyda offerhaugane dykkar og rydja solstolpane ut og kasta dykkar eigne lik på liki av skarnsgudane dykkar; for de byd mitt hjarta imot.#Esek 6,4-7 31Eg vil leggja byane dykkar i røys og riva heilagdomane ned og vil ikkje ansa angen som stig upp frå offeri dykkar; 32eg skal gjera landet so audt at fiendane som bur der, skal fæla.#Jer 25,9 33Men dykk skal eg spreida millom heidningane, og med drege sverd skal eg elta dykk; landet dykkar skal verta ei øydemark, og byane skal verta røysar.#5 Mos 28,64-68; Jer 9,16 34Då skal landet få svara sabbatsåri sine, alt medan det lyt liggja i øyde, og de er i fiendelandet - ja, då skal landet få kvila og svara sabbatsåri sine;#3 Mos 25,4 35alt medan det ligg audt, skal det kvila; då skal det få seg den helgekvildi det ikkje fekk i sabbatsåri, so lenge de endå budde der.#2 Krøn 36,21 36Men dei av dykk som er att, skal eg gjeva slik redsla i hjarta medan dei held til i fiendelandet, at ljoden av eit fjukande lauv skal jaga dei av, og dei skal røma som når ein rømer for sverdet, og falla um ingen er etter dei. 37Dei skal snåva og detta, ein yver hin, som dei hadde sverdet i hælane, endå det er ingen som elter. De skal ikkje stå dykk mot fiendane dykkar,#5 Mos 32,30; Jes 30,17 38men ganga til grunns millom heidningane, og fiendelandet skal tæra dykk upp. 39Og dei av dykk som endå er att, skal visna burt i fiendelandet for broti som dei hev gjort; og broti åt federne deira ligg på dei - for dei og skal dei folna burt. 40Då skal dei stå til sine brot og broti åt sine feder, at dei fall frå meg og sveik meg og gjorde meg tvert imot,#5 Mos 4,30; 30,2-10; Dan 9,4-19 41so eg og laut stå dei imot og førde dei inn i fiendelandet - ja, då skal deira u-umskorne hjarta bøygja seg, og dei skal få bøta for broti sine. 42Og so skal eg minnast mi pakt med Jakob og Isak og Abraham, og landet skal eg og minnast.#2 Mos 2,24; 2 Kong 13,23; Luk 1,55.72 43Men landet lyt fyrst vera kvitt dei og svara sabbatane sine, medan det ligg audt etter dei; og dei lyt bøta si skuld, etter di dei vanda lovene mine leiddest av bodi mine. 44Men endå um det er so, og dei er i fiendelandet, vil eg ikkje vanda dei reint eller skjota dei heiltupp ifrå meg; eg vil ikkje rydja dei ut og brjota mi pakt med dei; for eg er Herren deira Gud. 45Til bate for dei vil eg minnast mi pakt med federne, som eg henta ut or Egyptarland midt for augo på heidningefolki og var deira Gud; eg er Herren. 46Dette er dei fyresegnene og bodi og lovene som Herren sette millom seg og Israels-folket på Sinaifjellet og let Moses kunngjera for dei.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 26: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: