3. Mosebok 22

22
Herren forbyd prestane å eta av offeri so lenge dei er ureine, 1-9; han segjer kven som elles kann eta av dei, og kven som ikkje hev lov, 10-16, og forbyd å ofra slikt som det er lyte på, 17-25; han gjev nokre andre fyresegner um offeri, 26-30, og legg dei på hjarta at dei må halda bodi hans, 31-33.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Seg til Aron og sønene hans at dei lyt sjå seg vel fyre med dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt meg, so dei ikkje vanhelgar mitt heilage namn; eg er Herren. 3So skal du segja til dei: Dersom nokon av ætti dykkar, no eller i framtidi, røyver dei heilage gåvone som Israels-borni helgar åt Herren, medan det er noko ureint på han, so skal han rydjast burt or augnesyni mi; eg er Herren. 4Ingen av etterkomarane hans Aron som er spillsjuk eller hev flod, må eta av dei heilage gåvone fyrr han er rein att. Kjem ein av dei nær nokon som hev vorte urein av eit lik, eller gjeng det såd frå han, 5eller kjem han innåt noko krek som folk vert ureine av, eller noko menneske som på ein eller annan måte hev vorte ureint, 6hev nokon av dei røyvt noko sovore, so skal han vera urein alt til kvelds og må ikkje eta av dei heilage gåvone fyrr han hev lauga lekamen sin i vatn. 7Når soli hev gladt, er han rein att, og sidan kann han eta av dei heilage gåvone; for det er maten hans. 8Det som er sjølvdaudt eller ihelrive, må han ikkje eta, for då vert han urein; eg er Herren.#Esek 44,31 9Dei skal halda dei bodi eg hev gjeve dei, so dei ikkje ber synd for slike ting og lyt døy for di dei vanhelgar det som er heilagt; eg er Herren, som helgar dei. 10Ingen framand må eta av det som heilagt er. Ingen som er busete eller leigekar hjå ein prest, må smaka det som er heilagt.#22,10 framand d. e. som ikkje høyrer til ei presteætt. 11Men når ein prest kjøper seg ein tenar for pengar, so kann han eta av det, og like eins den tenaren som er fødd i huset hjå presten; dei kann eta av maten hans. 12Når ei prestedotter vert gift med ein framand mann, so må ho ikkje eta av dei heilage offergåvone. 13Men hev ho vorte enkja eller er skild frå mannen og ikkje hev born, og ho so kjem attende til far sin og bur i huset heime hjå han liksom i ungdomen, so kann ho eta av maten åt far sin; men ingen framand må eta av den maten. 14Når nokon et uviljande av dei heilage gåvone, so skal han gjeva presten lika for det og leggja attåt femteparten av verdet.#3 Mos 5,16 15Prestane må ikkje vanhelga dei heilage gåvone som Israels-borni ofrar til Herren, 16og lata dei føra syndeskuld yver seg med å eta av dei heilage rettene deira; for eg er Herren, som helgar dei. 17Og Herren tala til Moses og sa: 18Tala til Aron og sønene hans og til alle Israels-borni og seg til dei: Når nokon av Israels-ætti eller av dei framande i Israel kjem med ei offergåva, anten det er ei som er utlova, eller ei friviljug gåva som dei vil bera fram til brennoffer åt Herren, 19då lyt offeret vera so at de kann tekkjast Herren med det: ein lytelaus ukse eller ver eller bukk. 20Noko som det er lyte på, må de ikkje bera fram; for det tekkjest de ikkje Herren med.#5 Mos 15,21; 17,1; Mal 1,8-9.13-14 21Og når nokon vil bera fram eit takkoffer åt Herren av storfeet eller småfeet, anten det er ein lovnad han vil løysa, eller det er ei friviljug gåva, so lyt det vera eit lytelaust dyr dersom offeret skal tekkjast Herren; det må ikkje finnast noko lyte på det. 22Dyr som er blinde eller beinbrotne eller skamførde, eller som hev verksår eller skabb eller anna utbrot, dei må de ikkje ofra til Herren og ikkje leggja eldoffer av dei på altaret hans. 23Ein ukse eller sau som hev for lange eller for stutte lemer, kann du hava til friviljugt offer; men vil du hava dei til lovoffer, so tekkjest det ikkje Herren. 24Gjelde dyr, anten dei er klakka eller kruste eller rivne eller skorne, skal de ikkje bera fram for Herren. Ikkje skal de gjera slikt i dykkar eige land,#22,24 slikt d. e. gjelda dyri (og bruka dei til offer). 25og ikkje skal de taka imot sovorne dyr av utlendingar og bera dei fram til matoffer åt dykkar Gud; for dei er utskjemde, det er lytedyr; med slike offer vinn de ikkje Guds hugnad. 26Og Herren tala til Moses og sa: 27Når ein kalv eller eit lamb eller eit kje kjem til, skal dei fylgja mor si sju dagar; men frå den åttande dagen og sidan vil Herren tekkjast med dei i fall de ber dei fram til eldoffer åt han.#2 Mos 22,30 28Kui og kalven hennar eller søya og lambet hennar skal de ikkje slakta på ein dag. 29Når de ber fram eit lov- og takkoffer, skal de gjera det so at Herren kann hava hugnad i dykk. 30De skal eta det upp same dagen og ikkje leiva noko av det til morgons; eg er Herren.#3 Mos 7,15; 19,6 31So haldt då bodi mine og lev etter dei! Eg er Herren. 32Vanhelga ikkje mitt heilage namn; for eg vil verta helga hjå Israels-borni. Eg er Herren, som helgar dykk, 33og som førde dykk ut or Egyptarlandet og vil vera dykkar Gud; eg er Herren.

ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖

3. Mosebok 22: Bibel1938

គំនូស​ចំណាំ

ចែក​រំលែក

ចម្លង

None

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល