3. Mosebok 12
12
Herren gjev lover um barnsengkonone: kor lenge dei er ureine, og korleis dei vert reine att, 1-8.
1Og Herren tala til Moses og sa: 2Tala til Israels-borni og seg: Når ei kvinna kjem i barnseng og fær ein son, so skal ho vera urein i sju dagar, likso lenge som når ho hev månadstidi si.#3 Mos 15,19 3Den åttande dagen skal huveholdet umskjerast på sonen.#1 Mos 17,12 4Sidan skal ho halda seg heime i tri og tretti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast; ikkje må ho røra noko heilagt, og ikkje må ho koma til heilagdomen fyrr reinskingsdagane hennar er lidne. 5Fær ho møybarn, so skal ho vera urein i tvo vikor, som når ho hev sine eigne tider, og sidan skal ho halda seg heime i seks og seksti dagar, medan blodet gjeng og ho reinskast. 6Når reinskingstidi er ute, anten ho hev fenge son eller dotter, so skal ho koma med eit årsgamalt lamb til brennoffer og ein duveunge eller ei turtelduva til syndoffer; det skal ho bera fram åt møtetjelddøri og gjeva det til presten, 7og presten skal ofra det for Herrens åsyn og gjera soning for henne, so ho vert rein efter blødingi. Denne lovi gjeld for alle kvinnor som hev fenge barn, anten det er son eller dotter. 8Men hev ho ikkje råd til å ofra eit lamb, skal ho taka tvo turtelduvor eller tvo duveungar, den eine til brennoffer og den andre til syndoffer, og presten skal gjera soning for henne; då vert ho rein att.#3 Mos 5,7; Luk 2,24
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 12: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: