3. Mosebok 10
10
Nadab og Abihu ber framand eld inn i heilagdomen; eld frå Herren drep dei, 1-5. Heile Israel skal syrgja yver dette; men Aron og sønene hans må ikkje riva sund klædi sine eller raka seg på hovudet, 6.7. Dei må ikkje drikka vin eller annan sterk drykk når dei gjeng inn i heilagdomen, 8-11. Moses segjer kva dei skal eta av offeri, og refser dei for di dei ikkje hev ete av syndofferet; Aron orsakar dei, 12-20.
1Men tvo av Arons-sønene, Nadab og Abihu, tok kvar sitt glodfat og hadde glør i og la røykjelse på glørne og bar framand eld fram for Herrens åsyn, som han ikkje hadde gjeve dei påbod um. 2Då for det eld ut frå Herren åsyn og tynte dei, og dei døydde for Herrens åsyn.#4 Mos 3,4; 26,61 3Og Moses sa til Aron: Dette var det Herren meinte då han sa: På dei som stend meg nær, vil eg syna min heilagdom, og for augo at alt folket skal eg lata min herlegdom lysa fram. Og Aron tagde.#4 Mos 20,13; Am 3,2 4Men Moses ropa på Misael og Elsafan, sønene hans Ussiel, som var farbror åt Aron, og sa til dei: Kom hit og ber brørne dykkar burt frå heilagdomen og ut or lægret!#2 Mos 6,22 5So kom dei og gjorde som Moses sa, og bar dei ut or lægret i kjolane deira. 6Og Moses sa til Aron og til Eleasar og Itamar, sønene hans: De skal ikkje raka dykk på hovudet og ikkje riva sund klædi dykkar; for då kjem de til å missa livet, og han vert vreid på heile lyden. Men brørne dykkar, heile Israels-ætti, må gråta yver den elden som Herren hev sendt.#3 Mos 21,1-6#10,6 han Herren. 7Og frå møtetjelddøri må de ikkje ganga burt, so sant de ikkje vil missa livet; for Herrens salvingsolje er på dykk. Og dei gjorde som Moses sa. 8Og Herren tala til Aron og sa: 9Vin eller nokon sterk drykk må du og sønene dine ikkje drikka når de gjeng inn i møtetjeldet; for då kjem de til å missa livet. Det skal vera ei æveleg lov for dykk, ætt etter ætt,#Esek 44,21; 1 Tim 3,3; Tit 1,7 10so de kann skilja millom heilagt og vanheilagt, millom ureint og reint,#Ordt 31,4-5; Esek 44,23 11og læra Israels-borni alle dei lovene som Herren hev late Moses kunngjera for dei. 12Sidan sa Moses til Aron og til Eleasar og Itamar, dei av sønene hans som var i live: Tak det matofferet som er att av Herrens eldoffer, og et det usyrt frammed altaret; for det er høgheilagt. 13De skal eta det på ein heilag stad; det er det som du og sønene dine hev rett til av Herrens eldoffer; for so hev Herren sagt meg fyre.#3 Mos 2,3.10; 6,9 14Og svingebringa og lyftelåret skal de og eta på ein rein stad, du og sønene og døtterne dine med deg; for det er den luten som er gjeven deg og borni dine av takkofferi frå Israels-borni.#3 Mos 7,34-36; 4 Mos 18,11 15Både lyftelåret og svingebringa skal dei bera fram i hop med eldofferfeittet og svinga det att og fram for Herrens åsyn; sidan skal det høyra deg og borni dine til og vera retten dykkar æveleg og alltid, soleis som Herren hev sagt. 16Då Moses spurde etter syndofferbukken, fekk han vita at han var uppbrend. Då vart han harm på Eleasar og Itamar, dei som var att av sønene hans Aron, og han sa:#3 Mos 9,3.15 17Kvi hev de ikkje ete syndofferet på den heilage staden? De veit då det er høgheilagt, og han hev gjeve dykk det på den måten at de skal taka burt syndeskuldi frå lyden og gjera soning for dei for Herrens åsyn.#3 Mos 6,19.22 18Blodet vart ikkje bore innar i heilagdomen; difor skulde de ha ete offerkjøtet på den heilage staden, soleis som eg hev sagt.#3 Mos 6,19.23 19Då svara Aron: Du veit at dei i dag hev bore fram syndofferet og brennofferet sitt for Herrens åsyn, og endå hev slik ei ulukka hendt meg. Um eg no hadde ete syndoffer i dag, trur du då Herren hadde tykt vel um det?#3 Mos 10,1-5#10,19 ulukka V. 1-5. 20Då Moses høyrde det, tykte han det var rett.
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
3. Mosebok 10: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង
ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: