2. Mosebok 4
4
Moses ottast at folket ikkje vil tru han; Herren gjev han makt til å gjera teikn for dei, 1-9. Moses orsaker seg med at det fell han tungt å tala; Herren lovar at han vil vera med han, og at Aron, bror hans, skal tala i staden hans, 10-17. Moses fer til Egyptarland; Herren talar meir til han um det han skal gjera, 18-23. Herren vil taka livet hans for di han ikkje hev umskore son sin, 24-26. Aron kjem til møtes med han, og dei gjeng til dei øvste i Israel; folket trur, 27-31.
1Då svara Moses og tok so til ords: Dei vil visst ikkje tru meg og ikkje lyda på meg, men berre segja at Herren ikkje hev synt seg for meg. 2Då sa Herren: Kva er det du hev i handi? Han svara: Ein stav. 3Herren sa: Kasta han på jordi! So kasta Moses staven på jordi; då vart han til ein orm, og Moses rømde for han.#2 Mos 7,10 4Då sa Heren: Rett ut handi og grip han i sporen! So rette han ut handi og treiv ormen, og då vart han til ein stav att i handi hans. 5No lyt dei vel tru at Herren, Gud åt federne deira, hev synt seg for deg, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud!#2 Mos 3,6 6Og endå sa Herren til han: Stikk handi di barmen! So stakk han handi i barmen og drog henne ut att, og då han skulde sjå til, so var handi hans spilt og kvit som snø. 7Då sa Herren: Stikk handi di i barmen endå ein gong! So stakk han handi i barmen att, og då han drog henne ut or barmen, då var ho like god att, og hadde same leten som fyrr. 8Og Herren sa: Um dei no ikkje trur deg og ikkje aktar på det fyrste teiknet, so trur dei då visst på det andre teiknet; 9men trur dei ikkje på noko av desse tvo teikni, og vil dei ikkje lyda på deg, so skal du taka vatn or elvi og ausa upp på turre marki; og vatnet som du tek or elvi, det skal verta til blod med det same det kjem på marki.#2 Mos 7,17 10Men Moses sa til Herren: Orsaka meg, Herre! Eg hev aldri vore nokon munnfør mann, korkje fyrr, eller sidan du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.#2 Mos 6,12 11Då sa Herren til han: Kven er det som gjev menneskja munnen? Og kven er det som gjer mållaus eller dauv eller klårsynt eller blind? Er ikkje det eg, Herren? 12Gakk no berre, og eg skal vera med munnen din og lære deg kva du skal tala.#Matt 10,19 13Men han sa: Å Herre, eg bed for meg! Send ein annan med det bodet, kven du vil! 14Då vart Herren harm på Moses og sa: Hev du ikkje Aron, bror din, leviten? Han, veit eg, kann tala. Og rett no kjem han og møter deg, og når han ser deg vert han hjarteleg glad.#2 Mos 4,27 15Han skal du tala til og leggja ordet i munnen hans, og eg skal vera med både din munn og hans munn og læra dykk kva de skal gjera. 16Han skal tala til folket for deg; han skal vera munnen din, og du skal vera Gud for han.#2 Mos 7,1-2 17Og denne staven skal du hava i handi; den er den du skal gjera teikni med. 18So gjekk Moses, og då han kom heim att til Jetro, verfar sin, sa han til han: Kjære deg, lat meg fara attende til brørne mine i Egyptarland og sjå um dei lever endå. Og Jetro svara: Far i fred! 19I Midian sa Herren til Moses: Tak no i veg og far attende til Egyptarland! For no er dei burte alle dei som leita etter deg og vilde taka livet ditt.#Matt 2,20 20So tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på asnet og for attende til Egyptarlandet; og gudsstaven hadde han i handi.#2 Mos 4,17 21Og Herren sa til Moses: Når du kjem attende til Egyptarland, so kom i hug at du gjer alle dei underi som eg hev gjeve deg makt til, so Farao ser på det. Men eg vil gjera han strid i hugen, so han ikkje let folket fara. 22Då skal du segja til Farao: So segjer Herren: Israel er son min, den eldste av sønene mine. 23Og eg sa til deg: Lat son min fara, so han kann tena meg! Men du vilde ikkje lata han fara. Sjå difor vil eg no slå i hel din son, den eldste av sønene dine.#2 Mos 11,5; 12,29 24Då dei var no på vegen komne, hende det at Herren kom imot han i eit nattlæger og vilde drepa han. 25Då tok Sippora ein kvass stein og skar av huveholdet på son sin og kasta det framfor føtene hans og sa: Du er meg ein blodbrudgom, du!#1 Mos 17,14 26So let han honom vera. Det var umskjeringi ho tenkte på då ho sa «blodbrudgom». 27Og Herren sa til Aron: Gakk ut i øydemarki, so møter du Moses! So gjekk han ut og råka Moses innmed Gudsfjellet og kysste han.#2 Mos 3,1 28Og Moses sa med Aron kva ærend og ord Herren hadde sendt han med, og kva teikn han hadde sett han til å gjera. 29So gjekk Moses og Aron og samla i hop alle dei øvste av Israels-borni. 30Og Aron bar fram alle dei ordi som Herren hadde tala til Moses, og gjorde teikni so folket såg på det. 31Og folket trudde; og då dei høyrde at Herren var komen og vilde lydast til Israels-borni, og at han hadde set kva vande dei var i, so la dei seg på kne og tilbad.#2 Mos 3,16
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 4: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2