2. Mosebok 29
29
Moses skal vigja prestane, två dei og hava på dei heilage klæde; Aron skal salvast, 1-9. Um ymse slag ofringar, 10-37. Lovi um det dagvisse offeret, 38-42. Herren vil bu hjå Israel, 43-46.
1Høyr no kva du skal gjera med dei når du helgar dei til å vera prestar for meg: Du skal taka ein ung ukse og tvo verar som ikkje hev lyte,#3 Mos 8,2-36 2og so usyrt omnsbrød og hellekakor med olje i og tunnbrødleivar som er smurde med olje. Alt dette skal du laga av fint kveitemjøl. 3Du skal leggja dei i ei korg, og so skal du bera det fram i korgi og leida fram uksen og verane. 4Aron og sønene hans skal du kalla burt åt døri til møtetjeldet og två dei med vatn.#2 Mos 40,12-15 5So skal du taka klædebunaden og klæda Aron med underkjolen og prestekjolen og hava på han messehakelen og bringeduken og binda beltet um han 6og setja huva på hovudet hans og den heilage gullspongi i huva,#2 Mos 28,36-39#29,6 gullspongi 28,36fg. 7og du skal taka salvingsoljen og hella ut yver hovudet hans og salva han. 8So skal du kalla fram sønene hans og klæda dei med kjolar 9og spenna beltet um dei, både um Aron og sønene, og binda hovudplagg på dei, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du fylla hendene åt Aron og sønene hans.#2 Mos 28,41 10Du skal leida uksen fram åt møtetjeldet, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt uksen. 11Du skal slakta uksen framfor augo åt Herren innmed døri til møtetjeldet. 12So skal du taka noko av blodet og strjuka på altarhorni med fingeren, og alt hitt blodet, skal du hella ut innmed altarfoten. 13Heila netja og den store levreflaga og båe nyro med talgi som er på dei, skal du taka og brenna på altaret. 14Men kjøtet av uksen og hudi og goret skal du brenna upp utanfor lægret. Det er eit syndoffer.#Hebr 13,11 15So skal du taka den eine veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet til veren. 16Og du skal slakta han og taka blodet og skvetta rundt ikring på altaret. 17Sjølve veren skal du lema sund, innvolen og føtene skal du två og leggja ovanpå lemene og hovudet. 18Og so skal du brenna heile veren på altaret; det er eit brennoffer åt Herren, ein kveikjande ange; eit eldoffer for Herren er det. 19So skal du taka den andre veren, og Aron og sønene hans skal leggja hendene på hovudet åt veren. 20Og du skal slakta veren og taka noko av blodet og strjuka på den høgre øyresnippen åt Aron og sønene hans og på den høgre tumarsfingeren og høgre tumarståi deira, og hitt blodet skal du skvetta rundt ikring på altaret. 21So skal du taka noko av det blodet som er på altaret, og noko av salvingsoljen og skvetta på Aron og klædi hans, og sameleis på sønene hans og klædi deira, so vert han heilag, både han sjølv og klædi hans, og like eins sønene hans og klædi deira. 22Sidan skal du taka det feitaste av veren, både spælen og netja og den store levreflaga og båe nyro med talgi som er på dei, og so det høgre låret; for dette er vigsle-veren.#2 Mos 28,41 23Og or usyrdebrød-korgi som stend framfor augo åt Herren, skal du taka eit kakebrød og ei oljekaka og ein tunnbrødleiv. 24Alt dette skal du leggja i hendene på Aron og sønene hans og svinga det att og fram for Herrens åsyn. 25Sidan skal du taka det utor hendene deira og brenna det på altaret i hop med brennofferet so det kann anga godt for Herren; det er eit eldoffer for Herren. 26So skal du taka bringa av vigsle-veren åt Aron og svinga henne att og fram for Herrens åsyn; den skal vera din lut. 27Og svingebringa og lyftelåret, det som vert svinga og det som vert lyft av vigsle-veren åt Aron og sønene hans, det skal du lysa heilagt; 28det skal vera retten åt Aron og sønene hans hjå Israels-borni i all æva; for det er ei reida, ei reida som Israels-borni skal gjeva av takkofferi sine, ei reida frå dei til Herren.#3 Mos 7,32-36 29Den heilage klædebunaden åt Aron skal sønene hans erva; den skal dei hava på seg når dei vert salva og vigde til prestar. 30Sju dagar skal den av sønene som vert prest i staden hans, bera denne bunaden, han som ganga inn i møtetjeldet og gjera tenesta i heilagdomen. 31Du skal taka vigsle-veren og koka kjøtet på ein heilag stad. 32Og kjøtet av veren og brødet som er i korgi, skal Aron og sønene hans eta innmed døri til møtetjeldet. 33Dei skal eta det soningsofferet som vert frambore når dei vert vigde til prestar og helga. Men uvigde folk må ikkje eta av det; for det er heilagt. 34Og vert noko av vigsleofferkjøtet eller av brødet liggjande til morgons, so skal du brenna det upp. Det må ikkje etast; for det er heilagt. 35Soleis er det du skal gjera med Aron og sønene hans; du skal i alle måtar gjera som eg hev sagt deg fyre. Sju dagar skal prestevigsla vara. 36Kvar dag skal du ofra ein ukse til syndoffer og soning; du skal reinsa altaret for synd med di du gjer soning for det, og du skal salva det og helga det. 37Sju dagar skal du gjera soning for altaret og helga det, og då skal altaret vera høgheilagt; kvar den som kjem nær altaret, vert heilag. 38Tvo årsgamle lamb skal du dagstødt ofra på altaret.#4 Mos 28,3-8 39Det eine lambet skal du ofra um morgonen og det andre soleglads bel. 40Tiandeparten av ein efa fint mjøl, blanda med ein fjordeparten av ein hin olje av sundstøytte oljebær, skal du hava attåt det fyrste lambet, og til drykkoffer ein fjordparten av ein hin vin.#29,40 efa Ein efa var eit mål til turrvaror, ein hin til våtvaror. 41Det andre lambet skal du ofra soleglads bel; med same matofferet som um morgonen og same drykkofferet skal du bera det fram, til ein kveikjande ange, eit eldoffer for Herren. 42Det er det brennofferet som de og etterkomarane dykkar dagstødt skal bera fram for Herrens åsyn innmed døri til møtetjeldet, der som eg vil møtast med dykk og tala til dykk.#2 Mos 25,22 43Der er det eg vil møtast med Israels-borni, og tjeldet skal helgast av herlegdomen min.#2 Mos 40,34 44Både møtetjeldet og altaret vil eg helga, og Aron og sønene hans vil eg helga, so dei kann vera prestar for meg. 45Eg vil bu midt imillom Israels-borni og vera deira Gud,#3 Mos 26,11-13; 2 Kor 6,16 46og dei skal sanna at eg er Herren deira Gud, som leidde dei ut or Egyptarlandet og vil bu midt millom dei. Eg er Herren deira Gud.#2 Mos 20,2; 3 Mos 11,45
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 29: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: