2. Mosebok 27:20-21
2. Mosebok 27:20-21 BIBEL1938
Seg no du til Israels-borni at dei skal gjeva deg skir olje av sundstøytte oljebær til ljosestaken, so lampone kann setjast upp til kvar tid. I møtetjeldet, utanfor forhenget som heng attfor vitnemålet, skal Aron og sønene hans stella lampone, so dei kann lysa for Herrens åsyn frå kveld til morgon; det skal vera ei fast sed hjå Israels-borni, ætt etter ætt, i all æva.