2. Mosebok 17
17
Israels-borni kjem til Refidim; dei finn ikkje vatn, trettar med Moses og freistar Herren; dei fær vatn utor berget, 1-7; amalekitane tek på dei, men Moses bed til Herren, so israelitane vinn; Herren segjer at han vil rydja ut amalekitane, 8-16.
1So tok heile Israels-lyden ut frå Sinøydemarki og for dagsleid etter dagsleid, soleis som Herren sa dei fyre. Sidan lægra dei seg i Refidim; med der fanst det ikkje vatn so folket kunde få drikka.#4 Mos 33,14 2Og folket tretta med Moses og sa: Gjev oss vatn, so me fær drikka! Då sa Moses til dei: Kvi trettar de med meg? Kvi freistar de Herren?#5 Mos 5,16; Matt 4,7 3Men folket tyrsta etter vatn, og dei mukka mot Moses og sa: Kvi hev du då ført oss upp frå Egyptarland? Vil du då at me og borni våre og feet vårt skal døy av torst? 4Då ropa Moses til Herren og sa: Kva skal eg gjera med dette folket? Det er ikkje lenge fyrr dei steinar meg?#4 Mos 14,10 5Og Herren sa til Moses: Far i veg fyre folket! Få med deg nokre av dei øvste i Israel, og staven din som du slo i elvi med, tak den i handi, og gakk so!#2 Mos 7,20 6Du skal få sjå meg stande midt uppyver ei ufs der burte på Horeb; då skal du slå på ufsi, og det skal koma vatn ut or henne, so folket fær drikka. Moses gjorde som Herren sa, so dei øvste i Israel såg på det.#4 Mos 20,11; 5 Mos 8,15; Sal 78,15-16; 105,41; Jes 48,21; 1 Kor 10,4 7Den staden kalla han Massa og Meriba, av di at Israels-folket tretta med han, og av di dei freista Herren og sa: Er Herren imillom oss eller ikkje?#Sal 95,8-9#17,7 Massa freisting.#17,7 Meriba tretta. 8Sidan kom Amalek og gav seg i strid med Israel i Refidim. 9Då sa Moses til Josva: Vel oss ut nokre menner og tak ut og haldt slag med Amalek! I morgon skal eg standa øvst på haugen med gudsstaven i handi. 10Josva gjorde som Moses sa til han og slost med Amalek, og Moses og Aron og Hur steig upp på høgste haugen. 11Då gjekk det slik at so lenge Moses heldt handi i veret, hadde Israel yvertaket, men når han let handi siga, so vann Amalek. 12Men so tok Moses til å trøytna i hendene; då tok dei ein stein og la til rettes for han; den sette han seg på, og Aron og Hur studde hendene hans, ein på kvar sida. Då heldt han hendene støde alt til soli gladde. 13Josva hogg ned Amalek og folket hans med kvasse sverdet. 14Og Herren sa til Moses: Skriv dette upp i ei bok, so det ikkje gjeng dykk or minne, og lat Josva feste det i hugen! For eg vil rydja ut minnet um Amalek, so det ikkje skal finnast meir under himmelen.#4 Mos 24,20; 5 Mos 25,19; 1 Sam 15,2-3.20 15Då bygde Moses eit altar og kalla det: Herren er hermerket mitt. 16Og han sa: Ei hand er rekt frå Herrens høgsæte! Herren skal søkja Amalek med ufred, ætt for ætt.#5 Mos 32,40
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
2. Mosebok 17: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: