Apostelgjerningane 24
24
Jødane fører fram for landshovdingen klagemålet sitt mot Paulus, 1-9; Paulus forsvarar seg, 10-21; landshovdingen vil ikkje døma i saki, 22.23. Sidan kallar han Paulus fram for seg og vil høyra han tala, men vert redd då han høyrer vitnemålet hans, og viser han frå seg att, 24-26. Feliks vert avsett frå embetet sitt, men let Paulus framleides sitja fengsla, 27.
1Fem dagar etter kom Ananias, øvstepresten, dit ned med nokre av styresmennene og ein sakførar som heitte Tertullus, og dei bar fram for landshovdingen klagemålet mot Paulus.#Apg 23,2.30 2Han vart henta, og Tertullus tok til å lesa upp klaga. 3Me veit deg stor takk, gjævaste Feliks, sa han, for di me ved di hjelp fær leva i god fred, og dette folket ved di umsut i alle måtar og på alle stader fær njota umbøter i sine kår! 4Men eg må ikkje hefta deg for lenge! Difor bed eg at du med den mildskap du er kjend for, vil høyra på eit stutt innlegg frå oss: 5Me hev kome etter at denne mannen er ein rein pest; han vekkjer uro millom alle jødar i heile verdi og er ein av dei fremste førarane for nasarear-flokken.#1 Kong 18,17; Apg 17,6; 28,22 6Han freista jamvel å vanhelga templet; då greip me han og vilde døma han etter lovi vår.#Apg 21,28 7Men Lysias, hovdingen, kom og tok han med makt og vald ut or hendene våre og førde han burt; 8og til dei som klaga på han, sa han at dei skulde ganga til deg. No kann du sjølv forhøyra han, so fær du nok greida på alt det me klagar han for. 9So tala sakføraren, og jødane sanna med og sa at so var det. 10Landshovdingen gjorde eit teikn til Paulus at han kunde få tala. Då tok han soleis til ords: Etter di eg veit at du hev vore domar for dette folket i mange år, fører eg verjemålet mitt med fritt mod. 11For du kann lett få greida på at det ikkje er meir enn tolv dagar sidan eg for upp til Jerusalem og vilde tilbeda. 12Og ingen hev set meg tala med nokon eller eggja folk til upplaup korkje i templet eller i synagogone eller nokon annan stad i byen.#Apg 25,8 13Ikkje heller kann dei prova for deg det dei no klagar meg for. 14Men det sannar eg for deg at eg etter den Guds veg som dei kallar ei sekt-læra, tener min fedre-Gud soleis at eg trur alt som er skrive i lovi og hjå profetane, 15og hev den voni til Gud, ei von som dei og hyser, at både rettferdige og urettferdige ein gong skal standa upp att or gravi.#Dan 12,2; Joh 5,28-29 16Difor legg eg og sjølv vinn på allstødt å hava eit uskadt samvit for Gud og menneske.#Apg 23,1; 1 Pet 3,16 17Då mange år var lidne, kom eg hit og skulde føra sælebotsgåvor til folket mitt og bera fram offer.#Rom 15,25; 1 Kor 16,1-4; Gal 2,10; Apg 21,26 18Då var det dei fekk sjå meg i templet, etter eg hadde helga meg; eg samla ikkje folk kring meg eller gjorde noko uppstyr. Dei som vart var meg der, var nokre jødar frå Asia,#Apg 21,27 19og dei skulde no hava møtt fram for deg og klaga, i fall dei hadde noko å bera på meg. 20Eller og skulde desse mennene her sjølve segja frå kva det var for urett dei fann hjå meg den gongen eg stod framfor rådet - 21utan det skulde vera for det eine ordet som eg ropa ut då eg stod der ibland dei: Det er for voni um at dei daude skal standa upp att, eg stend for retten hjå dykk i dag!#Apg 23,6 22Feliks visste vel korleis det hadde seg med Guds veg; difor sette han ut saki og sa: Når Lysias, herhovdingen, kjem her ned, skal eg granska saki dykkar.#Apg 23,26 23Til hovudsmannen sa han at Paulus skulde haldast i varveitsla, men få slik lette som høva kunde, og at ingen av hans eigne måtte hindrast frå å vera han til hjelp.#Apg 27,3; 28,16 24Då det leid fram nokre dagar, kom Feliks med Drusilla, kona si, som var jødisk kvinna. Han sende bod etter Paulus og lydde på han medan han tala um trui på Kristus. 25Men då han tala um rettferd og fråhald og um domen som skal koma, vart Feliks redd og sa: Far vel for denne gongen! Når eg fær betre stunder, skal eg kalla deg hit att. 26Han gjorde seg og von um å få pengar av Paulus; difor sende han jamleg bod på han og tala med han. 27Då tvo år var lidne, fekk Feliks til ettermann Porcius Festus; men av di han gjerne vilde vinna seg takk av jødane, let han Paulus etter seg bunden.#Apg 25,9
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
Apostelgjerningane 24: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2