Apostelgjerningane 21
21
Paulus og fylgjet hans fer lenger og kjem til Tyrus, 1-6, til Cesarea, der døtterne åt Filip talar profetord og Agabus spår um bandi åt Paulus, 7-14, og til slutt til Jerusalem, der apostelen vert vel motteken og fortel um det han hev gjort millom heidningane, 15-19. Jakob og dei eldste gjev han for jødane skuld den rådi at han skal taka på seg ein lovnad; Han gjer det. Då lovnadstidi er slutt og han skal ofra i templet, vert han gripen av nokre jødar frå Asia, som fær i stand eit stort upplaup, 20-30; den romerske hovudsmannen friar han ut og gjev han lov til å tala for seg, 31-40.
1Då me hadde rive oss laus frå dei og lagt ut på sjøen, heldt me beine leidi fram til Kos; dagen etter kom me til Rodos, og derifrå til Patara. 2Der fann me eit skip som skulde fara beint yver til Fønikia; det gjekk me um bord i, og la so utpå att. 3Då me fekk timdi av Kypern, heldt me til høgre for øyi. So siglde me til Syria og la åt i Tyrus; for der skulde skipet lossa farmen. 4Me leita upp læresveinane og vart verande der sju dagar. Dei sa til Paulus det som Anden la dei i hugen: at han ikkje skulde fara til Jerusalem.#Apg 20,23; 21,11-12 5Då me hadde vore der dei dagane til endes, tok me ut og for vår veg, og dei fylgde oss alle med konor og born ut or byen. På strandi la me oss på kne og bad;#Apg 20,36 6sidan bad me farvel med kvarandre - me gjekk um bord i skipet, og dei vende heim att til seg. 7So for me frå Tyrus til Ptolemais og hadde då enda sjøferdi vår; me helsa på brørne der og var ein dag hjå dei. 8Andre dagen tok me ut att og kom til Cesarea; der vitja me Filip, evangelisten - han var ein av dei sju - og gav oss til hjå han.#Apg 6,5; 8,5-6.26-28.40 9Han hadde fire ugifte døtter som hadde profetgåva.#Apg 2,17 10Som me no drygde der noko mange dagar, kom ein profet som heitte Agabus, ned frå Judea.#Apg 11,28 11Han kom til oss, tok beltet åt Paulus og batt føtene og hendene sine med og sa: So segjer den Heilage Ande: Soleis skal jødane i Jerusalem binda den mannen som eig dette beltet, og so gjeva han i hendene på heidningane.#Apg 20,23 12Då me høyrde det, bad me han, både me og dei som åtte heime der, at han ikkje måtte fara upp til Jerusalem. 13Då svara Paulus: Kvi græt de so og bryt hjarta mitt sund? Eg er reidug ikkje berre til å lata meg binda, men og til å døy i Jerusalem for Herren Jesu namn.#Apg 20,24 14Som han no ikkje let seg yvertelja, tagde me og sa berre: Herrens vilje råde!#1 Sam 3,18; Luk 22,42 15Då den tidi var ute, ferda me oss til og tok på vegen til Jerusalem. 16Nokre av læresveinane frå Cesarea var med og fylgde oss til ein mann som heitte Mnason og var frå Kypern; han var ein gamal læresvein, og hjå han skulde me få hus. 17Då me kom til Jerusalem, fagna brørne oss med gleda. 18Andre dagen gjekk Paulus med oss til Jakob, og dit kom alle dei eldste.#Apg 15,13 19Han helsa på dei, og fortalde alt som Gud hadde hjelpt han til å gjera bland heidningane, eitt etter hitt.#Apg 14,27; 15,4 20Då dei høyrde det, lova dei Gud; so sa dei til han: Du ser, bror, kor mange tusund jødar det er som hev teke trui, og alle er dei ihuga for lovi.#Rom 10,2-3 21Men no hev dei høyrt segja um deg at du lærer alle jødar kring i heidninglandi å falla frå Moses, og segjer at dei ikkje skal umskjera borni og ikkje leva etter dei gamle skikkane. 22Kva skal me no gjera? Det kjem visst til å samla seg ein stor hop; for dei fær nok høyra at du er komen. 23Gjer då so som me no segjer med deg! Det er fire menn hjå oss som hev ein heilag lovnad på seg.#Apg 18,18; 4 Mos 6,2-21 24Tak dei med deg og helga deg i lag med dei, og ber du kostnaden for dei, so dei kann få klyppa håret sitt! Då skynar alle at det ikkje er noko i det dei hev høyrt um deg, men at du og lever so at du held deg etter lovi. 25Men um heidningane som hev teke trui, hev me teke ved at dei ikkje skal fylgja sovorne skikkar, anna dei lyt taka seg i vare for avgudsoffer og blod og kjøt av dyr som er strøypte, og lauslivnad, og det hev me sendt dei brev um.#Apg 15,20.29 26Då tok Paulus mennene med seg, og dagen etter helga han seg i lag med dei; sidan gjekk han inn i templet og sa frå når talet på helgingsdagane var fullt, då offeret skulde berast fram for kvar ein av dei.#4 Mos 6,13 27Då dei sju dagane snart var lidne, fekk jødane frå Asia sjå han i templet og øste upp heile ålmugen; dei la hand på han#Apg 24,18 28og ropa: Hjelp, israelitar! Her er den mannen som lærer alle folk, kvar han kjem, å vanvyrda folket og lovi og denne staden; og no hev han endå til havt grekarar inn i templet og vanhelga denne heilage staden.#Apg 24,6 29For dei hadde alt set Trofimus frå Efesus saman med han ute i byen, og so tenkte dei at Paulus hadde havt han med seg inn i templet.#Apg 20,4 30Heile byen vart uppskaka, og folk flokka seg i hop. Dei tok fat på Paulus og drog han ut or templet, og med det same vart tempeldørene stengde. 31Medan dei no heldt på og vilde slå han ihel, gjekk det bod upp til hovdingen for vaktmannskapet at heile Jerusalem var i upprør. 32Då tok han straks nokre hersveinar og hovudsmenn med seg og for i sprang nedimot dei, og då dei såg hovdingen og hersveinane, heldt dei upp å slå Paulus. 33So kom hovdingen innåt; han let mennene sine gripa Paulus og binda han med tvo lekkjor. Og spurde so kven han var, og kva han hadde gjort.#Apg 21,11 34Sume i hopen ropa eitt, og sume eit anna, og då han ikkje kunde få vita noko visst for ståket skuld, sa han til hermennene at dei skulde føra Paulus inn i borgi. 35Då han kom til troppi, vart det til det at hersveinane laut bera han, so styrlaus var hopen; 36for heile folkemengdi fylgde etter og skreik: Drep han!#Luk 23,18; Apg 22,22 37Då Paulus skulde førast inn i borgi, segjer han til hovdingen: Fær eg lov å tala eit ord med deg? Han svara: Kann du gresk? 38So er då ikkje du den egyptaren som gjorde uppreist for ei tid sidan og drog ut i øydemarki med dei fire tusund røvarane? 39Eg er ein jødisk mann, sa Paulus, og eig heime i Tarsus, ein velkjend by i Kilikia. Eg bed deg: Gjev meg lov til å tala til folket!#Apg 9,11; 22,3 40Det gav hovdingen han lov til. Då steig Paulus fram på troppi og vitta med handi til folket, og då det hadde vorte reint stilt ikring han, tala han soleis på det hebraiske målet:#Apg 19,33; 22,2
ទើបបានជ្រើសរើសហើយ៖
Apostelgjerningane 21: Bibel1938
គំនូសចំណាំ
ចែករំលែក
ចម្លង

ចង់ឱ្យគំនូសពណ៌ដែលបានរក្សាទុករបស់អ្នក មាននៅលើគ្រប់ឧបករណ៍ទាំងអស់មែនទេ? ចុះឈ្មោះប្រើ ឬចុះឈ្មោះចូល
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: