1
Romarane 6:23
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Bibel1938
For den løni som syndi gjev, er dauden, men Guds nådegåva er æveleg liv i Kristus Jesus, vår Herre.
ប្រៀបធៀប
រុករក Romarane 6:23
2
Romarane 6:14
For syndi skal ikkje få råda yver dykk; de er ikkje under lovi, men under nåden.
រុករក Romarane 6:14
3
Romarane 6:4
Soleis vart me ved dåpen til dauden gravlagde med han; for liksom Kristus vart reist upp att frå dei daude ved Faderens herlegdom, so skal me og ferdast i ein ny livnad.
រុករក Romarane 6:4
4
Romarane 6:13
Bjod ikkje heller lemene dykkar fram åt syndi til våpen for urettferdi, men bjod dykk sjølve fram åt Gud, sidan de frå daude hev vorte levande, og bjod lemene dykkar fram åt Gud til våpen for rettferdi!
រុករក Romarane 6:13
5
Romarane 6:6
sidan me veit dette at vårt gamle menneske vart krossfest med han av di synde-lekamen skulde verta til inkjes, so me ikkje skal tena syndi lenger
រុករក Romarane 6:6
6
Romarane 6:11
Soleis lyt de halda dykk for daude for syndi, men levande for Gud i Kristus Jesus.
រុករក Romarane 6:11
7
Romarane 6:1-2
Kva skal me då segja? Skal me halda fram i syndi, so nåden kann verta so mykje større? Nei, langt ifrå! Me som hev døytt frå syndi, kor skulde me endå leva i syndi?
រុករក Romarane 6:1-2
8
Romarane 6:16
Veit de ikkje at når de byd dykk fram åt einkvan til tenarar, so de lyder han, so er de tenarar under den som de soleis lyder, anten det er under syndi - då vert det til daude - eller under lydnaden - då vert det til rettferd -.
រុករក Romarane 6:16
9
Romarane 6:17-18
Men Gud vere takk at de nok hev vore tenarar under syndi, men no av hjarta hev vorte lydige mot den lærdomsform som de vart yvergjevne til! Og sidan de er frigjorde frå syndi, hev de vorte tenarar for rettferdi.
រុករក Romarane 6:17-18
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ