1
4. Mosebok 13:30
Bibel 1938 - Bibelselskapet
Bibel1938
Då tok folket til å murra mot Moses, men Kaleb stagga på dei og sa: Ja, me vil fara dit og leggja landet under oss; me kann godt taka det.
ប្រៀបធៀប
រុករក 4. Mosebok 13:30
2
4. Mosebok 13:33
der såg me risane, Anaks-sønene, som er av riseætt, og mot dei tyktest me å vera berre engsprettor, og so tykte dei og.
រុករក 4. Mosebok 13:33
3
4. Mosebok 13:31
Men dei mennene som hadde vore med han, sa: Me kann ikkje ganga imot dette folket; for dei er sterkare enn me.
រុករក 4. Mosebok 13:31
4
4. Mosebok 13:32
Og dei lasta burt landet for Israels-borni og sa: Det landet me for igjenom og skoda, er eit land som øyder ut dei som bur der, og alle me såg der, var kjempekarar
រុករក 4. Mosebok 13:32
5
4. Mosebok 13:27
Og dei sa til Moses: Me kom til det landet du sende oss til, og det er vist at det landet fløymer med mjølk og honning, og her ser de fruktene som veks der.
រុករក 4. Mosebok 13:27
6
4. Mosebok 13:28
Men folket som bur der er sterkt, og byane er som borger og ovstore; der såg me Anaks-sønene og.
រុករក 4. Mosebok 13:28
7
4. Mosebok 13:29
Amalek-folket bur i sudlandet, og i fjellbygdene hetitane og jebusitane og amoritane, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kana'anitane.
រុករក 4. Mosebok 13:29
8
4. Mosebok 13:26
Dei fann Moses og Aron og heile Israels-lyden i Paranøydemarki, i Kades, og gav fråsegn um det dei hadde set, og synte dei fruktene frå Kana'anslandet.
រុករក 4. Mosebok 13:26
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ