Då sa Herren til Moses: Skunda deg og gakk ned att! Folket ditt, som du hev ført upp frå Egyptarlandet, hev fare stygt åt! Dei hev vore snøgge til å taka utav den vegen eg sa dei skulde fylgja. No hev dei støypt seg ein gullkalv; den legg dei seg på kne for og ofrar til han og ropar: Dette er din Gud, Israel, han som førde deg upp frå Egyptarlandet.