Og Herren sa: Eg hev set kor vondt folket mitt hev det i Egyptarland, og høyrt klageropi deira yver futane; eg veit kva dei lid. Og no hev eg stiga ned og vil fria dei ut frå egyptarane og føra dei upp frå dette landet til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kana'anitane er og hetitane og amoritane og ferisitane og hevitane og jebusitane.