So kom dei til Mara, men dei kunde ikkje drikka vatnet i Mara av di det var beiskt. Difor kalla dei den staden Mara. Og folket mukka mot Moses og sa: Kva skal me drikka? Då ropa han til Herren, og Herren synte han eit tre; det kasta han upp i vatnet; då vart vatnet godt. Der sette dei lov og rett, og der røynde han dei.