For den same natti vil eg fara igjenom Egyptarlandet og slå i hel alt som frumbore er i Egyptarland, både folk og fe; og yver alle egyptargudane vil eg halda dom; eg er Herren. Og blodet på dei husi som de er i, skal vera til eit merke for dykk, når eg ser blodet, skal eg fara framum dykk; og de skal ikkje verta fyre noko vondt når eg slær Egyptarlandet.