1
Ordtaka 3:5-6
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
Lit på HERREN av heile ditt hjarte, støtt deg ikkje på eiga innsikt. Ha han i tankar kvar du ferdast, så gjer han stigane dine jamne.
ប្រៀបធៀប
រុករក Ordtaka 3:5-6
2
Ordtaka 3:7
Ver ikkje vis i eigne auge, frykt HERREN og vend deg bort frå det vonde!
រុករក Ordtaka 3:7
3
Ordtaka 3:9-10
Æra HERREN med det du eig, med førstegrøda av all di avling. Då blir di matbu rikeleg fylt, pressekummane renn over av ny vin.
រុករក Ordtaka 3:9-10
4
Ordtaka 3:3
Lat aldri godleik og truskap fara! Bind dei om halsen, skriv dei på hjartetavla!
រុករក Ordtaka 3:3
5
Ordtaka 3:11-12
Son min, forakt ikkje HERRENS formaning, mist ikkje motet når han refsar. For den HERREN elskar, refsar han, slik ein far gjer med ein son han har kjær.
រុករក Ordtaka 3:11-12
6
Ordtaka 3:1-2
Son min, gløym ikkje mi rettleiing, ta vare på mine bod i hjartet! For dei vil gje deg mange år og eit langt liv og overflod av fred.
រុករក Ordtaka 3:1-2
7
Ordtaka 3:13-15
Sæl er den som finn Visdomen og vinn seg forstand! For meir er ho verd enn sølv, ho gjev større vinning enn gull. Ho er meir verdfull enn perler, av alle dine skattar er ingen som henne.
រុករក Ordtaka 3:13-15
8
Ordtaka 3:27
Når det står i di makt å gjera det gode, skal du ikkje halda det tilbake frå den som har rett på det.
រុករក Ordtaka 3:27
9
Ordtaka 3:19
Med visdom grunnla HERREN jorda, han grunnfeste himmelen med forstand.
រុករក Ordtaka 3:19
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ