1
Josva 1:9
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
Eg har då sagt deg: Ver modig og sterk! Lat deg ikkje skremma, og mist ikkje motet! For HERREN din Gud er med deg overalt der du går.»
ប្រៀបធៀប
រុករក Josva 1:9
2
Josva 1:8
Denne lova skal du alltid ha på leppene dine. Les frå lovboka dag og natt, så du trufast følgjer alt som er skrive der. Då skal du ha framgang der du ferdast, og alt skal lukkast for deg.
រុករក Josva 1:8
3
Josva 1:7
Ver berre modig og sterk, så du trufast følgjer heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje frå henne, verken til høgre eller venstre, så skal du ha framgang overalt der du går.
រុករក Josva 1:7
4
Josva 1:5
Så lenge du lever, skal ingen kunna stå seg mot deg. Eg vil vera med deg slik eg var med Moses. Eg sviktar deg ikkje og går ikkje frå deg.
រុករក Josva 1:5
5
Josva 1:6
Ver modig og sterk! For du skal gjera dette folket til eigar av det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei.
រុករក Josva 1:6
6
Josva 1:3
Kvar stad de trør, gjev eg dykk, slik som eg lova Moses.
រុករក Josva 1:3
7
Josva 1:2
«Moses, tenaren min, er død. Gjer deg no klar til å gå over Jordan, du og heile dette folket, inn i det landet som eg vil gje til dei, til israelittane.
រុករក Josva 1:2
8
Josva 1:1
Då Moses, HERRENS tenar, var død, sa HERREN til medhjelparen hans, Josva, son til Nun
រុករក Josva 1:1
9
Josva 1:4
Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon til den store elva Eufrat, heile hetittlandet, og heilt til Storhavet, der sola går ned.
រុករក Josva 1:4
10
Josva 1:18
Kvar den som set seg opp mot deg og ikkje høyrer på det du seier, same kva du byd han, han skal døy. Ver berre modig og sterk!»
រុករក Josva 1:18
11
Josva 1:11
«Gå gjennom leiren og sei til folket: Gjer i stand forsyningar til reisa! For om tre dagar skal de gå over Jordan og ta det landet som HERREN dykkar Gud gjev dykk i eige.»
រុករក Josva 1:11
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ