1
1. Samuelsbok 17:45
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
David svara: «Du kjem mot meg med sverd, spyd og sabel, men eg kjem mot deg i namnet til HERREN over hærskarane, han som er Gud for Israels hær, han som du har hånt.
ប្រៀបធៀប
រុករក 1. Samuelsbok 17:45
2
1. Samuelsbok 17:47
Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd HERREN gjev siger. Det er HERREN som rår for krigen, og han skal gje dykk over i våre hender.»
រុករក 1. Samuelsbok 17:47
3
1. Samuelsbok 17:37
Og David la til: «HERREN, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok òg berga meg frå denne filistaren.» Då sa Saul til David: «Gå, måtte HERREN vera med deg.»
រុករក 1. Samuelsbok 17:37
4
1. Samuelsbok 17:46
I dag vil HERREN gje deg i mi hand. Eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og til villdyra på jorda. Så skal heile jorda skjøna at Israel har ein Gud.
រុករក 1. Samuelsbok 17:46
5
1. Samuelsbok 17:40
og tok heller staven sin i handa, valde seg ut fem glatte steinar frå elvefaret og la dei i gjetartaska som han bar over aksla. Slyngja hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.
រុករក 1. Samuelsbok 17:40
6
1. Samuelsbok 17:32
David sa til Saul: «Ingen må mista motet! Tenaren din skal gå og kjempa med denne filistaren.»
រុករក 1. Samuelsbok 17:32
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ