1
1. Korintar 15:58
Bibel 2011 - Bibelselskapet
Bibel2011
Difor, mine kjære sysken, ver støe og urikkelege. Ta stadig rik del i Herrens gjerning! For de veit at i Herren er ikkje arbeidet dykkar nyttelaust.
ប្រៀបធៀប
រុករក 1. Korintar 15:58
2
1. Korintar 15:57
Men Gud vere takk som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!
រុករក 1. Korintar 15:57
3
1. Korintar 15:33
Far ikkje vill! «Dårleg selskap øydelegg gode vanar.»
រុករក 1. Korintar 15:33
4
1. Korintar 15:10
Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore bortkasta. For eg har arbeidd meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.
រុករក 1. Korintar 15:10
5
1. Korintar 15:55-56
Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger? Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.
រុករក 1. Korintar 15:55-56
6
1. Korintar 15:51-52
Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna inn, men vi skal alle bli omskapte, i hast, i ein augneblink, når den siste basunen lyder. For basunen skal lyda, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal bli omskapte.
រុករក 1. Korintar 15:51-52
7
1. Korintar 15:21-22
Fordi døden er komen ved eit menneske, så er òg oppstoda av dei døde komen ved eit menneske. For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.
រុករក 1. Korintar 15:21-22
8
1. Korintar 15:53
For dette forgjengelege må bli kledd i uforgjengelegdom, og dette dødelege kledd i udødelegdom.
រុករក 1. Korintar 15:53
9
1. Korintar 15:25-26
For han skal vera konge til Gud har lagt alle fiendar under hans føter. Den siste fienden som blir gjord til inkjes, er døden.
រុករក 1. Korintar 15:25-26
គេហ៍
ព្រះគម្ពីរ
គម្រោងអាន
វីដេអូ