YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 16

16
Paulus legg eit godt ord inn for Føbe, 1.2, helsar mange namngjevne truande og heile kyrkjelyden, 3-16, åtvarar dei mot falske lærarar, 17-20, helsar frå ymse menn, 21-24, og endar brevet me å ynskja nåde yver kyrkjelyden og å prisa Gud, 25-27.
1Eg vil få leggja eit godt ord inn hjå dykk for Føbe, syster vår, som er tenar i kyrkjelyden i Kenkreæ, 2at de tek imot henne i Herren, som det sømer seg dei heilage, og gjeng henne til handa i alt som ho kann trenga hjelp av dykk til; for ho hev sjølv vore til hjelp for mange, ja for meg og.#3 Joh 1,6 3Helsa Priska og Akvilas, medarbeidarane mine i Kristus Jesus!#Apg 18,2.26; 2 Tim 4,19 4Dei våga livet sitt for meg, og ikkje berre eg takkar dei for det, men alle kyrkjelydar av heidningane med; 5helsa og kyrkjelyden som samlar seg i huset deira! Helsa min kjære Epenetus! - han var den fyrste som vart vunnen for Kristus i Asia.#1 Kor 16,19; Kol 4,15 6Helsa Maria, som hev arbeidt so mykje for dykk! 7Helsa Andronikus og Junias, frendane og medfangane mine! - dei hev eit godt namn millom apostlane og kom og til Kristus fyre meg. 8Helsa Amplias, min kjære bror i Herren! 9Helsa Urbanus, medarbeidaren vår i Kristus, og min kjære Stakys! 10Helsa Apelles, den velrøynde i Kristus! Helsa dei som høyrer til huslyden åt Aristobulus! 11Helsa Herodion, frenden min! Helsa dei av huslyden åt Narkissus som er i Herren! 12Helsa Tryfena og Tryfosa! - dei hev arbeidt i Herren. Helsa den kjære Persis, som hev arbeidt mykje i Herren! 13Helsa Rufus, den utvalde i Herren, og mor hans, som hev vore ei mor for meg og! 14Helsa Asynkritus, Flegon, Hermes, Patrobas, Hermas, og brørne som er hjå dei! 15Helsa Filologus og Julia, Nereus og syster hans og Olympas, og alle dei heilage som er hjå dei! 16Helsa kvarandre med ein heilag kyss! Alle Kristi kyrkjelydar helsar dykk.#1 Kor 16,20; 2 Kor 13,12; 1 Pet 5,14 17Men eg legg dykk på hjarta, brør, at de ser dykk fyre med dei som veld usemja og slikt som kann føra til fråfall, i strid med den lærdom som de hev fenge. Gakk undan dei!#Matt 7,15; 1 Joh 4,1; Fil 3,2; Kol 2,8.18; Matt 18,17; 1 Kor 5,9.11; 2 Tess 3,6.14; Tit 3,9-10; 2 Joh 1,10 18For desse folki tener ikkje vår Herre Jesus Kristus, men sin eigen buk, og med sin blide tale og sine fagre ord dårar dei hjarta åt dei godtrugne.#Fil 3,19; 2 Pet 2,3; Esek 13,10.18 19For ordet um lydnaden dykkar hev kome utyver til alle; difor gleder eg meg yver dykk, men eg vil gjerne at de skal vera vise til det som godt er, og reine for det som er vondt.#Rom 1,8; Jer 4,22; 1 Kor 14,20 20Men fredsens Gud skal brått krasa Satan under føtene dykkar. Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk! 21Timoteus, medarbeidaren min, og Lukius og Jason og Sosipater, frendane mine, helsar dykk!#Apg 16,1-2; Fil 2,19.22 22Eg, Tertius, som skriv dette brevet, helsar dykk i Herren. 23Gaius helsar dykk, han som er vert for meg og heile kyrkjelyden. Erastus, rekneskapsføraren her i byen, helsar dykk, like eins broderen Kvartus.#1 Kor 1,14 24Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykk alle! Amen.#1 Kor 16,23; 1 Tess 5,28 25Men han som hev makt til å styrkja dykk etter mitt evangelium og Jesu Kristi forkynning, etter openberringi av den løyndomen som hev vore duld i ævelege tider,#Ef 3,18; 1,9-14 26men no er komen i ljoset og ved profetiske skrifter etter den ævelege Guds fyresegn kunngjord for alle folk til å verka lydnad i tru -#2 Tim 1,10; Tit 1,3; Rom 1,5 27han, den eine vise Gud ved Jesus Kristus, skal hava æra i all æva! Amen#1 Tim 1,17; 6,16; Hebr 13,21

Currently Selected:

Romarane 16: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in