YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 1

1
Paulus helsar kyrkjelyden i Korint, 1-3, og takkar Gud for hans nåde mot kyrkjelyden, 4-9. Han lastar den usemja som var i kyrkjelyden, med di kvar valde seg sin eigen lærar utan å akta på kven Gud hadde sendt dei til lærar, 10-16, syner korleis ein rett lærar bør forkynna evangeliet, um Kristi kross ikkje skal missa si kraft: evangeliet må ikkje forkynnast med vise ord, av di menneskevisdom ikkje rekk til i det som høyrer til frelsa, 17-25; difor syner det seg at dei små her gjeng framum dei store; for Gud vil vera åleine um å frelsa, 26-31.
1Paulus, ved Guds vilje kalla til Kristi Jesu apostel, og broderen Sostenes#Gal 1,1; Ef 1,1; Apg 18,17 2- til Guds kyrkjelyd som er i Korint, dei som er helga i Kristus Jesus, som er kalla, heilage, med alle dei som på kvar stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn, både deira og vår.#Joh 17,19; Apg 15,9; 26,18; Rom 1,7; 2 Tim 2,22 3Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Fader og Herren Jesus Kristus!#2 Kor 1,2; Ef 1,2; 1 Pet 1,2 4Eg takkar alltid min Gud for dykk, for den Guds nåde som er dykk gjeven i Kristus Jesus,#Rom 1,8; Ef 1,15-16 5at de i han er gjorde rike på alt, på all læra og all kunnskap,#1 Kor 12,4-8; 2 Kor 8,7 6etter di Kristi vitnemål hev vorte rotfest hjå dykk, 7so at det ikkje vantar dykk på nokor nådegåva medan de ventar på vår Herre Jesu Kristi openberring.#Fil 3,20 8Han skal og styrkja dykk til enden, so de må vera ulastande på vår Herre Jesu Kristi dag.#2 Kor 1,21; Fil 1,10; 1 Tess 3,13; 5,23 9Gud er trufast, han som de vart kalla ved til samfund med hans Son, Jesus Kristus, vår Herre.#1 Kor 10,13; 1 Tess 5,24; Joh 15,5 10Men eg legg dykk på hjarta, brør, ved vår Herre Jesu Kristi namn at de alle må vera samde i dykkar tale, og at de ikkje må skilja dykk i flokkar, men vera fullt sameina i same hugen og i same tanken.#Fil 2,2; 3,15 11For av huslyden hennar Kloe er det fortalt meg um dykk, mine brør, at det er kivsmål millom dykk. 12Det er det eg meiner, at kvar av dykk segjer: Eg held meg til Paulus; eg til Apollos; eg til Kefas; eg til Kristus.#Apg 18,24; Joh 1,43 13Er Kristus sundskift? Var det Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til Paulus' namn de vart døypte? 14Eg takkar Gud at eg ikkje hev døypt nokon av dykk utan Krispus og Gajus,#Apg 18,8; Rom 16,23 15so ikkje nokon skal segja at de vart døypte til mitt namn. 16Men det er sant, eg døypte og huslyden åt Stefanas; elles veit eg ikkje at eg hev døypt nokon annan.#1 Kor 16,15.17 17For Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, ikkje med vise ord, so Kristi kross ikkje skulde missa si kraft.#Apg 9,15; Gal 1,16; 1 Kor 2,1.13 18For ordet um krossen er vel dårskap for dei som vert fortapte, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft.#2 Kor 4,3; 2 Tess 2,10; Rom 1,16; 1 Kor 1,24 19For det stend skrive: Eg vil tyna visdomen hjå dei vise og spilla vitet hjå dei vituge.#Jes 29,14 20Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verdi? Hev ikkje Gud gjort visdomen i verdi til dårskap?#Jes 33,18; Rom 1,21-22 21Jau, etter di verdi ved sin visdom ikkje kjende Gud i Guds visdom, so var det Guds vilje ved dårskapen i denne forkynningi å frelsa dei som trur.#Matt 11,25.27; Rom 1,21.28 22For jødane krev teikn, og grekarane søkjer visdom,#Matt 12,38; 16,1; Joh 4,48 23men me forkynner Kristus krossfest, som er ei avstyggjing for jødar og ein dårskap for grekarar,#Joh 6,60; 10,33; 1 Kor 2,14 24men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, forkynner me Kristus, Guds kraft og Guds visdom.#1 Kor 1,18 25For Guds dårskap er visare enn menneski, og Guds vanmakt er sterkare menneski. 26For sjå på dykkar kall, brør: det var ikkje mange vise etter kjøtet som vart kalla, ikkje mange mektige, ikkje mange høgætta;#Joh 7,48; Jak 2,5 27men det som er dårleg i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera dei vise til skammar, og det som er veikt i verdi, det valde Gud seg ut, so han kunde gjera det sterke til skammar; 28og det som er lågt i verdi og vanvyrdt, det valde Gud seg ut, det som ingen ting er, so han kunde gjera det til inkjes som er noko, 29so ikkje noko kjøt skal rosa seg for Gud.#Rom 3,27; Ef 2,9 30Men hans verk er det at de er i Kristus Jesus, som for oss hev vorte visdom frå Gud og rettferd og helging og utløysing,#Rom 4,25; Jer 23,5-6; Joh 17,19; Ef 1,7 31so at, som skrive stend: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.#Jer 9,24; 2 Kor 10,17

Currently Selected:

1. Korintar 1: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in