Romarane 15
15
Kvar og ein skal leva til hugnad for næsten sin og ikkje for seg sjølv, etter Kristi fyredøme; han hev bore vår vesaldom og teke seg av både jødar og heidningar, 1-13. Endå romarane sjølve kunde påminna kvarandre, hev Paulus like vel vilja påminna dei, sidan han er apostel for heidningane, 14-21. Han vil og vitja dei ein gong til uppbyggjing for dei, 22-29. Dei skal beda for han når han er på den ferdi til Jerusalem som han hev planlagt, 30-33.
1Me som er sterke, skyldar å bera vanstyrken åt dei veike og ikkje vera oss sjølve til hugnad.#Rom 14,1; 1 Tess 5,14 2Kvar av oss vere næsten sin til hugnad, til hans gagn, til uppbyggjing!#1 Kor 9,19; 10,24.33 3For Kristus levde ikkje heller seg sjølv til hugnad, men, som skrive stend: Hædingane frå dei som hædde deg, dei fall på meg.#Sal 69,10 4For alt det som fyrr er skrive, det er skrive til lærdom for oss, so me skal hava von ved det tolmod og den trøyst som skriftene gjev.#Rom 4,23-24; 1 Kor 10,11; 2 Tim 3,16 5Men den Gud som gjev tolmod og trøyst, han gjeve at de må hava eit hjartelag innbyrdes etter Kristi Jesu fyredøme,#Sal 133,1; Rom 12,16; Joh 17,21 6so de samhuga, med EIN munn, kann prisa Gud og vår Herre Jesu Kristi Fader!#Ef 1,3 7Difor skal de taka dykk av kvarandre, liksom Kristus og tok seg av dykk til Guds æra. 8Eg meiner: Kristus hev vorte ein tenar for dei umskorne for å prova at Gud er sannordig, og stadfesta dei lovnader som federne hev fenge,#Apg 3,25-26 9men heidningane skal prisa Gud for miskunn, som skrive stend: Difor vil eg prisa deg millom heidningar og lovsyngja ditt namn.#2 Sam 22,50; Sal 18,50 10Og ein annan stad segjer Skrifti: Gled dykk, heidningar, saman med hans folk!#5 Mos 32,43; Sal 67,5 11Og endå ein stad: Lova Herren, alle heidningar, og prisa han, alle folk!#Sal 117,1 12Og atter ein gong, hjå Esaias: Koma skal Isais rotrenning, han som reiser seg for å råda yver heidningar; på han skal heidningane vona.#Jes 11,10; Op 5,5 13Men den Gud som gjev voni, fylle dykk med all gleda og fred i trui dykkar, so de kann vera rike på von ved den Heilage Andes kraft!#Rom 14,17 14Eg, mine brør, hev og den visse trui um dykk at de av dykk sjølve er fulle av godleik, fyllte med all kunnskap, duglege til jamvel å påminna kvarandre.#2 Pet 1,12; 1 Joh 2,21; 1 Tess 4,9; 5,11 15Like vel hev eg her og der i brevet skrive heller djervt til dykk for å kveikja upp att minnet dykkar, etter den nåden som Gud hev gjeve meg:#Rom 1,5; 12,3 16at eg skal vera Jesu Kristi offerprest hjå heidningane og gjera prestetenesta med Guds evangelium, so heidningane kann verta eit offer som han hev hugnad i, eit som er helga ved den Heilage Ande.#Rom 11,13; 2 Tim 1,11; Rom 12,1 17So er det då i Kristus Jesus eg kann rosa meg av mi tenesta for Gud.#1 Kor 1,31; 2 Kor 10,8.13 18For eg vil ikkje våga meg til å tala um anna enn det som Kristus hev gjort ved meg til å føra heidningar til lydnad, med ord og gjerning, 19med krafti av teikn og under, med krafti av Guds Ande, so eg til fulles hev kunngjort Kristi evangelium frå Jerusalem og rundt ikring alt til Illyria,#Mark 16,17 20men soleis at eg sette mi æra i å ikkje forkynna evangeliet der som Kristus alt var nemnd, so eg ikkje skulde byggja på framand grunnvoll,#2 Kor 10,13-16 21men, som skrive stend: Dei som ingen bodskap hev fenge um han, skal sjå, og dei som ikkje hev høyrt, skal skyna.#Jes 52,15 22Det er mest dette som hev hindra meg frå å koma til dykk.#Rom 1,13 23Men no som eg ikkje lenger hev noko rom i desse landi, og i mange år hev lengta etter å koma til dykk, 24no vonar eg at eg skal få sjå dykk når eg fer til Spania og då kjem innum dykk, og at de vil fylgja meg på vegen dit, når eg fyrst i nokon mun hev note hugnad hjå dykk.#1 Kor 16,6 25Men no fer eg til Jerusalem i ei ærend for dei heilage.#Apg 19,21; 24,17 26For Makedonia og Akaia hev rådt seg til å gjera ei innsamling for dei fatige millom dei heilage i Jerusalem.#1 Kor 16,1; 2 Kor 8,1-2; Gal 2,10 27Den rådi hev dei teke, og dei stend og i skuld til dei; for hev heidningane fenge lut i dei åndelege gåvone deira, so skylder dei og å tena dei med dei timelege.#Rom 11,17; 1 Kor 9,11 28Når eg då hev gjort ifrå meg det og lagt denne frukti i hendene deira, vil eg draga av stad til Spania og vitja dykk på vegen, 29og eg veit at når eg kjem til dykk, so skal eg koma med Kristi velsigning i fullt mål.#Rom 1,11 30Men eg legg dykk på hjarta, brør, for vår Herre Jesu Kristi skuld og for den kjærleik skuld som Anden verkar, at de må strida saman med meg i dykkar bøner for meg til Gud,#Fil 2,1; 1,27; Kol 4,12; Ef 6,18-19; 2 Kor 1,11 31so eg må verta berga frå dei vantruande i Judea, og ærendi mi til Jerusalem må tekkjast dei heilage;#2 Tess 3,1-2 32då skal eg, um Gud so vil, vitja dykk med fagnad og få kveikja meg saman med dykk.#Rom 1,10; Jak 4,15 33Fredsens Gud vere med dykk alle! Amen.#Rom 16,20; 1 Kor 14,33; 2 Kor 13,11
Currently Selected:
Romarane 15: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: