Romarane 12
12
Paulus legg dei truande på hjarta at dei må leva eit heilagt, Gud-vigt liv, 1.2, fly ovmod og som lemer på Kristi lekam tena kvarandre i truskap med dei gåvone dei hev fenge, 3-8, og visa kjærleik mot alle, vener og fiendar, 9-21.
1So legg eg dykk då på hjarta, brør, for Guds miskunn skuld, at de må bjoda fram lekamane dykkar til eit levande, heilagt offer, eit som Gud hev hugnad i - det er dykkar åndelege gudstenesta -#Rom 6,13-16; 1 Pet 2,5 2og skikka dykk ikkje likt med denne verdi, men lat dykk umskapa med di hugen dykkar vert uppattnya, so de kann prøva kva som er Guds vilje: det gode og hugnadlege og fullkomne.#1 Pet 1,14; 1 Joh 2,15; Ef 4,23; 5,17; Kol 1,9 3For ved den nåden som er meg gjeven, segjer eg til kvar og ein millom dykk at han ikkje skal tenkja høgre um seg enn han bør tenkja, men tenkja so at han tenkjer visleg, alt etter som Gud hev mælt ut åt kvar hans mål av tru.#Rom 1,5; 1 Kor 4,6; Ef 4,7.16 4For liksom me hev mange lemer på ein lekam, men ikkje alle lemene hev det same å gjera,#1 Kor 12,12; Ef 1,22-23 5soleis er me, mange som me er, EIN lekam i Kristus, men kvar for seg er me lemene åt kvarandre.#1 Kor 12,27 6Og sidan me hev ulike nådegåvor, alt etter den nåden som er oss gjeven, so lat oss, um me hev profetgåva, nytta henne etter som me hev tru til,#1 Kor 12,4; 1 Pet 4,10-11 7eller um me hev ei tenesta, syta for den tenesta, eller um ein er lærar, so lat han syta for læraryrket,#1 Kor 12,28 8eller um ein er sett til å påminna, for påminningi; den som etlar ut gåvor, gjere det med ærleg hug; den som er forstandar, vere det med ihuge; den som gjer sælebot, gjere det med gleda!#Apg 6,1-3; 1 Pet 5,2; 1 Tim 5,17; Apg 20,28; 2 Kor 9,7 9Lat kjærleiken vera sviklaus; hav stygg til det vonde, haldt fast på det gode!#1 Pet 1,22; 1 Tim 1,5; Sal 97,10; Am 5,15 10Ver varmhjarta mot kvarandre i broderkjærleik; kappast um å visa kvarandre vyrdnad!#Ef 4,2; 1 Tess 4,9; Fil 2,3; 1 Pet 2,17; 5,5 11Ver ikkje lunka i dykkar ihuge; ver brennande i åndi; ten Herren!#Apg 18,25; Op 3,15 12Gled dykk i voni, ver toluge i trengsla, trottuge i bøni!#Rom 15,13; Hebr 10,35-36; Luk 18,1; Ef 6,18 13Syn samhug med dei heilage i deira trong, legg vinn på gjestmildskap!#1 Pet 4,9 14Velsigna dei som forfylgjer dykk; velsigna, og forbanna ikkje!#Matt 5,44; 1 Kor 4,12; 1 Pet 3,9 15Gled dykk med dei glade, og gråt med dei som græt!#Sal 35,13-14 16Hav eitt hjartelag innbyrdes; trå ikkje etter det høge, men haldt dykk gjerne til det låge; ver ikkje sjølvkloke!#Rom 15,5; Fil 2,2; Sal 131,1; Ordt 3,7; 26,12.16; Jes 5,21 17Gjev ikkje nokon vondt att for vondt; legg vinn på det som godt er, for alle manns augo! 18So sant det er råd, so haldt de på dykkar sida fred med alle menneske!#Hebr 12,14 19Hemn dykk ikkje sjølve, de kjære, men gjev rom åt vreiden! for det stend skrive: Meg høyrer hemnen til, eg vil gjeva attgjeld, segjer Herren.#3 Mos 19,18; Ef 4,26.31; 5 Mos 32,35; Hebr 10,30 20Um då fienden din er hungrig, so gjev han mat; er han tyrst, so gjev han drikka! for når du gjer det, sankar du gloande kol på hovudet hans.#Ordt 25,21-22; Matt 5,44 21Lat ikkje det vonde få vinna yver deg, men vinn du yver det vonde med det gode!#1 Mos 4,7; 1 Sam 24,18
Currently Selected:
Romarane 12: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: