Romarane 11
11
Men Guds vegar endar ikkje med at Israel vert burtstøytt. Alt no er det sume av Israel og som høyrer Herren til ved trui på Kristus, medan størsteparten av folket hev vorte forherda, 1-10, og denne forherdingi er ikkje Guds endemål med Israel, men siktar på å gjeva heidningane lut i Guds rike; og når so Guds folk ser det, skal det vekkja dei til ihuge, 11-15; difor må ikkje dei heidningkristne sjå ned på Israel, som um dette Guds utvalde folk no var burtstøytt for alltid, 16-24. For det kjem ei tid då Israel skal venda um til trui på Kristus, so Gud kann få syna si miskunn mot folket sitt, 25-32. Paulus lovar Guds visdom, som syner seg i denne styringi hans, 33-36.
1So spør eg no: Hev då Gud støytt frå seg folket sitt? Nei, langt ifrå! Eg er då og ein israelit, av Abrahams ætt, av Benjamins ættgrein.#Jer 31,37; Fil 3,5 2Gud hev ikkje støytt frå seg folket sitt, som han kjende fyreåt. Eller veit de ikkje kva Skrifti segjer i soga um Elias, korleis han stig fram for Gud med klagemål mot Israel:#1 Kong 19,10 3Herre, profetane dine drap dei, altari dine reiv dei ned, og eg vart att åleine, og dei stend meg etter livet. 4Men kva segjer Guds svar til han? Eg hev leivt meg sju tusund mann som ikkje hev bøygt kne for Ba'al.#1 Kong 19,18 5Soleis hev det då og i den tid som no er, vorte att ein leivning, som Gud i sin nåde hev valt ut.#Rom 9,27 6Men er det av nåde, so er det ikkje lenger på grunn av gjerningar, elles vert nåden ikkje nåde lenger.#Rom 3,28; Ef 2,8 7Kva so? Det som Israel trår etter, det hev det ikkje nått; men dei utvalde hev nått det, dei hine hev vorte forherda,#Rom 9,31 8som skrive stend: Gud gav dei ei dauvskapsånd, augo som ikkje ser, og øyro som ikkje høyrer, og so hev det vore til denne dag.#Jes 29,10; 5 Mos 29,4 9Og David segjer: Lat bordet deira verta ei snara og ei gildra, ei fella og ei attergjeld for dei!#Sal 69,23-24 10Lat augo deira dimmast, so dei ikkje ser, og bøyg allstøtt ryggen deira! 11So spør eg då: Hev dei då snåva for di at dei skulde falla? Nei, langt ifrå! men ved deira fall er frelsa komi til heidningane, so det skal vekkja åbryskap hjå dei.#Rom 11,1; Apg 13,46; Matt 21,43 12Og er deira fall ein rikdom for verdi, og deira tap ein rikdom for heidningar, kor mykje meir då fullnaden deira! 13For til dykk talar eg, de heidningar! So sant som eg er apostel for heidningane, prisar eg embetet mitt,#Rom 1,5; 1 Tim 2,7 14um eg berre kunde få vekt åbryskap hjå dei som er mitt eige kjøt og blod, og få frelst nokre av dei.#Rom 11,11 15For hev verdi vorte forlikt med Gud med di dei vart vanda, kva anna kann det då verta enn liv av daude, når dei vert mottekne? 16Men er fyrstegrøda heilag, so er deigen det og, og er roti heilag, so er greinene det og. 17Um no like vel sume av greinene vart avbrotne, og du som var ein vill oljekvist, vart innpota millom dei og fekk eiga med i roti og feita åt oljetreet,#Jer 11,16 18so skal du ikkje briska deg mot greinene! men briskar du deg, so er det då ikkje du som ber roti, men roti som ber deg. 19So vil du vel segja: Greinene vart avbrotne for di at eg skulde verta innpota.#Rom 11,11 20Ja vel! for si vantru skuld vart dei avbrotne, men du stend for di tru skuld; ovmoda deg ikkje, men ottast!#Ordt 28,14; 1 Kor 10,12; Fil 2,12 21For sparde ikkje Gud dei naturlege greinene, so sparer han ikkje deg heller.#2 Pet 2,4-5 22Sjå då kor god Gud er, og kor streng! - streng imot dei som er falne, men god imot deg, so sant du held deg til godleiken hans; elles vert du og avhoggen.#Joh 15,2 23Men hine skal og verta innpota, so sant dei ikkje held fram i vantrui si; for Gud hev makt til å pota dei inn att. 24For vart du avhoggen av det oljetreet som er vilt av naturi, og imot naturi innpota i eit godt oljetre, kor mykje heller må då ikkje desse, som av naturi høyrer til der, verta innpota i sitt eige oljetre! 25For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um den løyndomen - so de ikkje skal tykkjast dykk sjølve kloke - at forherding hev kome yver ein lut av Israel, til dess fullnaden av heidningane er innkomen, 26og soleis skal heile Israel verta frelst, som skrive stend: Frå Sion skal frelsaren koma, han skal rydja gudløysa burt frå Jakob,#Jes 59,20-21 27og når eg tek burt syndene deira, so er det pakti mi med dei.#Jes 27,9; Jer 31,33 28Tenkjer me på evangeliet, so er dei fiendar for dykkar skuld, men tenkjer me på utveljingi, so er dei elska for federne skuld; 29for Gud angrar ikkje på nådegåvone sine og kallet sitt.#2 Tim 2,13 30For liksom de fyrr var ulydige mot Gud, men no hev fenge miskunn ved deira ulydnad, 31soleis hev dei og no vore ulydige, for at dei og skal få miskunn ved den miskunn som de hev fenge; 32for Gud hev gjeve dei alle yver til ulydnad for at han kunde miskunna dei alle.#Rom 11,7-10 33Å, for eit djup av rikdom og visdom og kunnskap hjå Gud! Kor uransakelege domane hans er, og kor urekkjande vegane hans!#Sal 36,7; Job 11,7 34For kven kjende Herrens hug? eller kven var rådgjevaren hans?#Jes 40,13; Sal 92,6; Jer 23,18 35Eller kven gav honom noko fyrst, so han skulde få lika for det?#Job 41,2 36For av han og ved han og til han er alle ting. Han skal hava æra i all æva! Amen.#1 Kor 8,6; Kol 1,16; Hebr 2,10
Currently Selected:
Romarane 11: Bibel1938
Highlight
Share
Copy

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: