Romarane 13
13
Dei truande skal lyda styremaktene, 1-7, elska bror og næste, 8-10, og vera heilage i alt sitt liv, 11-14.
1Kvar mann vere lydig mot dei styremaktene han hev yver seg! For det finst ikkje styremakt utan av Gud, men dei som finst, dei hev Gud skipa,#Tit 3,1; 1 Pet 2,13; Dan 4,32; Joh 19,11 2so den som set seg imot styremakti, han stend imot Guds skipnad; men den som stend imot, skal få sin dom.#Ordt 24,21-22 3For dei som styrer, er ikkje til redsla for den gode gjerningi, men for den vonde. Vil du sleppa å reddast styremakti? Gjer det som godt er, so skal du få ros av henne;#1 Pet 2,14 4for ho er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det som vondt er, so må du vel reddast; for ho ber ikkje sverdet for inkje - ho er Guds tenar, ein hemnar til refsing for den som gjer det som vondt er. 5Difor er det naudsynleg å vera lydig, ikkje berre for refsingi skuld, men og for skuld samvitet. 6Difor er det då og de legg skatt; for dei er Guds tenarar, som just syter for dette. 7Gjev alle det de skyldar å gjeva dei: skatt til den som skatt kann krevja, toll til den som toll kann krevja, age til den som age kann krevja, æra til den som æra kann krevja.#Matt 22,21 8Ver ingen noko skuldige, utan det å elska kvarandre! for den som elskar den andre, hev uppfyllt lovi.#Gal 5,14; 1 Tim 1,5; Jak 2,8 9For ordi: Du skal ikkje gjera hor, du skal ikkje drepa, du skal ikkje stela, du skal ikkje lysta, og kva det elles kann vera for bodord, dei samlar seg til eitt i dette ordet: Du skal elska næsten din som deg sjølv.#2 Mos 20,14-17; Matt 22,37-40; Jak 2,8 10Kjærleiken gjer ikkje næsten noko vondt; difor er kjærleiken uppfylling av lovi.#1 Kor 13,4; Gal 5,14 11Og dette lyt me gjera, sidan me kjenner tidi, at timen er komen då me lyt vakna or svevnen; for frelsa er oss næmare no enn då me vart truande.#Ef 5,14; 1 Tess 5,6-8 12Natti lid, og det stundar mot dag. So lat oss leggja av dei gjerningane som høyrer myrkret til, og hava på oss våpni åt ljoset!#1 Joh 2,8; Ef 5,11; 6,10-20 13Lat oss fara sømeleg fram, som um dagen, ikkje i svir og drykk, ikkje i lauslivnad og sedløysa, ikkje i kiv og ovund,#Fil 4,8; Luk 21,34; 1 Kor 6,9; Ef 5,5; Jak 3,14 14men klæd dykk i Herren Jesus Kristus, og hav ikkje slik umsut for kjøtet at det vekkjer lyster!#Gal 3,27; 1 Pet 2,11; 1 Joh 2,16
Currently Selected:
Romarane 13: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: