YouVersion Logo
Search Icon

Romarane 10

10
Israel hev nok på si vis ihuge for Gud; men ihugen deira hjelper dei ikkje, av di den rette skynsemdi vantar; for dei skynar ikkje at tidi åt lovi no er slutt, og at rettferdi vert bodi fram som ei gåva til kvar den som trur, 1-4. Den rettferdi som Israel tenkjer å vinna på lovvegen, kann aldri noko menneske nå, av di ingen kann gjera alt det lovi byd; men rettferdi av tru vert vunni av kvar den som endefram held seg til evangeliet um frelsaren, han som kom ned frå himmelen og stod upp frå dei daude, 5-13. Heller ikkje hev Israel nokor orsaking for si vantru; for evangeliet, som hev gjenge ut yver all jordi, hev då vore forkynt for dei og, 14-18, og dei kann ikkje skulda på at dei ikkje visste at heidningane skulde ganga inn i Guds rike, og at det vart ein støyt for dei som dei ikkje kunde vinna yver; for deira eigne profetar hadde då tala um det fyreåt, 19-21.
1Brør! mitt hjartans ynske og mi bøn til Gud for dei er at dei må verta frelste. 2For eg gjev dei det vitnemålet at dei hev ihuge for Gud, men ikkje med skynsemd;#Apg 21,20; 22,3; Gal 1,14 3for sidan dei ikkje kjende Guds rettferd, men streva etter å grunnleggja si eigi rettferd, gav dei seg ikkje inn under Guds rettferd.#Rom 9,30-33 4For Kristus er endelykti åt lovi, til rettferd for kvar ein som trur.#Luk 16,16; Gal 3,23-24; Joh 3,18; Apg 13,39 5For Moses skriv um den rettferdi som kjem av lovi: Det mennesket som gjer desse ting, skal leva ved dei.#3 Mos 18,5 6Men den rettferdi som kjem av tru, segjer so: Seg ikkje med deg sjølv: Kven skal fara upp til himmelen - det vil segja: for å henta Kristus ned -?#5 Mos 30,12-14 7eller: Kven skal fara ned i avgrunnen - det vil segja: for å henta Kristus upp frå dei daude -? 8Men kva segjer ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt - det er ordet um trui, det som me forkynner, 9for sannar du med munnen din at Jesus er herre, og trur du i hjarta ditt at Gud vekte han upp frå dei daude, so skal du verta frelst;#Matt 10,32 10for med hjarta trur ein til rettferd, og med munnen sannar ein til frelsa.#2 Kor 4,13; 1 Pet 3,15 11For Skrifti segjer: Ingen som trur på han, skal verta til skammar.#Rom 9,33 12For det er inkje skil på jøde og grekar; dei hev alle same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han;#Rom 3,22.29; Apg 10,34; 1 Tim 2,5 13for kvar ein som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.#Joel 3,5 14Korleis kann dei då kalla på ein som dei ikkje trur på? og korleis kann dei tru der dei ikkje hev høyrt? og korleis kann dei høyra utan det er ein som forkynner? 15Og korleis kann dei forkynna utan dei vert utsende? som skrive stend: Kor fagre føtene deira er som forkynner fred, som ber godt bod!#Jer 28,15; Jes 52,7 16Men ikkje alle lydde fagnadbodet. For Esaias segjer: Herre, kven trudde vel det han høyrde av oss?#Jes 53,1 17So kjem då trui av forkynningi, og forkynningi ved Kristi ord. 18Men eg spør: Hev dei då ikkje høyrt det? Jau visst; røysti deira gjekk yver all jordi, og ordi deira til heimsens endar.#Sal 19,5; Jes 49,6; Kol 1,6 19So spør eg: Kjende då Israel ikkje til det? Fyrst segjer Moses: Eg vil gjera dykk åbruige på det som ikkje er eit folk; på eit uvitugt folk vil eg gjera dykk harme.#5 Mos 32,21 20Og Esaias er so djerv at han segjer: Eg vart funnen av dei som ikkje søkte meg; eg synte meg for dei som ikkje spurde etter meg;#Jes 65,1 21men um Israel segjer han: All dagen rette eg ut hendene til eit ulydigt og trassigt folk.#Jes 65,2

Currently Selected:

Romarane 10: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in