YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 3

3
Jesus talar med Nikodemus; atterføding og tru er vegen til Guds rike, 1-21. Det siste vitnemålet av døyparen um Jesus, 22-36.
1Det var ein mann av farisearflokken som heitte Nikodemus, ein av rådsherrane åt jødane.#Joh 7,50; 19,39 2Han kom ein gong til Jesus um natti og sa: Rabbi, me veit at du er ein lærar som er komen frå Gud; for ingen kann gjera desse teikni som du gjer, utan Gud er med han.#Joh 9,33; Apg 2,22 3Jesus svara: Det segjer eg deg for sant og visst: Ingen kann sjå Guds rike utan han vert fødd på nytt.#Joh 1,13 4Nikodemus segjer til han: Korleis kann ein som er gamal, verta fødd? han kann då vel ikkje koma inn i livet åt mor si andre gongen, og fødast til verdi! 5Jesus svara: Det segjer eg deg for sant og visst: Utan ein vert fødd av vatn og Ande, kann han ikkje koma inn i Guds rike.#Tit 3,5 6Det som er født av kjøtet, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.#Sal 51,7 7Undrast ikkje på at eg sa til deg: De lyt fødast på nytt! 8Vinden blæs kvar han vil, du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå, eller kvar han fer av. So er det med kvar som er fødd av Anden.#Fork 11,5 9Korleis kann det ganga til? spurde Nikodemus. 10Du er Israels lærar, og veit ikkje det! svara Jesus. 11Det segjer eg deg for visst og sant: Me talar um det me veit, og vitnar um det me hev set; men de tek ikkje imot vitnemålet vårt.#Joh 7,16; 8,28; 12,49; 14,24 12Når eg hev tala til dykk um det som høyrer jordi til, og de ikkje trur, korleis skal de då tru når eg talar til dykk um det som høyrer himmelen til? 13Og ingen hev stige upp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen, Menneskesonen, som er i himmelen.#Joh 1,1-2.18 14Og liksom Moses lyfte upp ormen i øydemarki, soleis lyt Menneskesonen lyftast upp,#4 Mos 21,8-9; Joh 8,28; 12,32; 19,18 15so kvar den som trur på han, skal hava æveleg liv.#Joh 6,40 16For so elska Gud verdi at han gav Son sin, den einborne, so kvar den som trur på han, ikkje skal verta fortapt, men hava æveleg liv.#Rom 5,8; 8,32; 1 Joh 4,9 17For Gud sende ikkje Son sin til verdi so han skulde døma verdi, men so verdi skulde verta frelst ved han.#Joh 12,47 18Den som trur på han, vert ikkje dømd; den som ikkje trur, er alt dømd, for di han ikkje hev trutt på namnet åt Guds einborne Son.#Joh 3,36; 5,24; 6,40 19Og dette er domen: Ljoset hev kome til verdi, og menneski lika myrkret betre enn ljoset; for gjerningane deira var vonde.#Joh 1,9; 1 Joh 3,12 20For kvar den som driv på med det som låkt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset; for han vil ikkje at gjerningane hans skal koma upp i dagen, slike dei er.#Ef 5,13 21Men den som gjer etter sanningi, kjem til ljoset, so gjerningane hans kann verta synberre; for dei er gjorde i Gud. 22Sidan kom Jesus og læresveinane hans til Judabygdene, og der var han ei tid med dei og døypte.#Joh 4,1-2 23Johannes døypte og då; det var i Ænon, tett med Salim, han døypte; for det var mykje vatn der; og folk kom dit og let seg døypa.#Matt 3,6 24Den tid var Johannes endå ikkje sett i fengsel.#Matt 14,3 25So vart det eit ordskifte millom læresveinane åt Johannes og ein jøde um reinsingi. 26Og dei kom til Johannes og sa: Rabbi, han som var i hop med deg på hi sida åt Jordan, han som du hev vitna for, han døyper, og alle kjem til han!#Joh 1,26-34 27Johannes svara: Eit menneske kann ikkje få noko utan at det er gjeve han frå himmelen.#1 Kor 4,7 28De er sjølve vitni mine at eg sa: Eg er ikkje Messias, men: Eg er send fyre han.#Joh 1,20.23 29Det er brudgomen som hev bruri; men belesveinen, som stend innmed og lyder på brudgomen, gleder seg hjarteleg når han høyrer målet hans. Slik gleda hev eg no fenge, og det i fullt mål. 30Han lyt veksa, eg lyt minka. 31Den som kjem ovantil, er yver alle; den som er frå jordi, er av jordi, og det han talar, er av jordi. Den som kjem frå himmelen, er yver alle;#Joh 8,23; 1 Kor 15,47 32det han hev set og høyrt, det vitnar han um, men ingen tek imot vitnemålet hans.#Joh 8,26.28 33Den som hev teke imot hans vitnemål, hev stadfest at Gud er sannordig.#1 Joh 5,10 34For den som Gud sende, talar Guds ord; for Gud gjev han Anden umælt.#Jes 11,2; Apg 10,38 35Faderen elskar Sonen, og hev gjeve alt i hans hender.#Matt 11,27; 28,18; Joh 13,3; 17,2 36Den som trur på Sonen, hev æveleg liv; men den som ikkje vil tru på Sonen, fær ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande yver han.#Joh 3,15.18; 5 Mos 29,20; 32,22

Currently Selected:

Johannes 3: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy