YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 2

2
Jesus gjer fyrste teiknet sitt ved brudlaupet i Kana, 1-11; fer upp til Jerusalem og reinsar templet, 12-22. Mange trur på han, men han godkjenner ikkje trui deira, 23-25.
1Tridje dagen stod det eit brudlaup i Kana i Galilea. Mor åt Jesus var der, 2og Jesus og læresveinane hans vart og bedne til brudlaupet. 3Då vinen traut, segjer mor åt Jesus til han: Dei hev ikkje vin. 4Kva vil du meg, kvinna? svara Jesus; mi tid er ikkje endå komi. 5Gjer alt han segjer til dykk! sa mor hans til bordsveinane. 6Etter di no jødane hev for vis å två seg fyre måli, stod det der seks vass-kjer av stein; kvart av dei tok tvo eller tri anker.#Mark 7,3 7Fyll kjeri med vatn! segjer Jesus til bordsveinane. Då fyllte dei kjeri heilt uppåt breiddi. 8So sa han til dei: Aus no upp og ber det til kjøkemeisteren! Dei so gjorde; 9men då kjøkemeisteren hadde smaka på vatnet, som var vorte til vin, og ikkje visste kvar den vinen kom ifrå - men bordsveinane visste det, dei som hadde aust upp vatnet - so ropa han på brudgomen og sa til han: 10Kvar mann set fyrst fram den gode vinen, og når folk hev vorte drukne, den ringare; du hev gøymt den gode vinen til no! 11Dette fyrste teiknet sitt gjorde Jesus i Kana i Galilea og let sin herlegdom skina fram; og læresveinane hans trudde på han. 12Sidan for han ned til Kapernaum med mor si og brørne og læresveinane sine, og der vart dei verande nokre få dagar. 13Det leid til påskehelgi åt jødane, og Jesus for upp til Jerusalem. 14I templet fann han folk som selde uksar og sauer og duvor, og andre som sat og veksla pengar.#Matt 21,12-13 15Då gjorde han seg ei svepa av reip og dreiv dei alle ut or templet, og sauene og uksane med; småpengane åt vekslarane kasta han utyver, og velte bordi deira, 16og til duvekræmarane sa han: Burt med dette! Gjer ikkje huset åt Far min til ei krambu! 17Og læresveinane kom i hug at det stend skrive: Brennhug for ditt hus kjem til å eta meg upp.#Sal 69,10 18Då tok jødane til ords og sa til han: Kva teikn syner du oss, sidan du gjer dette?#Matt 12,38; 16,1; Joh 6,30 19Jesus svara: Riv dette templet ned, og eg skal reisa det upp att på tri dagar!#Matt 26,61; 27,40 20Då sa dei: I seks og fyrti år hev det vore bygt på dette templet, og du vil reisa det upp att på tri dagar! 21Men det var lekams-templet sitt han tala um. 22Då han no hadde stade upp frå dei daude, kom læresveinane hans i hug at han hadde sagt dette, og dei trudde Skrifti og det ordet Jesus hadde sagt.#Luk 24,8 23Medan han var i Jerusalem i påskehelgi, på høgtidi, trudde mange på namnet hans då dei såg dei teikni han gjorde. 24Men sjølv trudde Jesus seg ikkje til dei, av di han kjende alle,#Joh 6,64; Apg 1,24; Op 2,23 25og ikkje trong at nokon skulde vitna um noko menneske; for han visste sjølv kva som budde i menneskja.

Currently Selected:

Johannes 2: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy