YouVersion Logo
Search Icon

Johannes 4

4
Jesus talar med den samaritanske kvinna og segjer at han er Messias, 1-26. talar med læresveinane um den åndelege hausten, 27-38, forkynner ordet i Samaria, 39-42, og lækjer eit daudsjukt barn for ein embetsmann under kong Herodes Antipas, 43-54.
1Då no Herren fekk vita at farisearane hadde høyrt at Jesus vann fleire læresveinar og døypte fleire enn Johannes#Joh 3,22.26 2- endå det var ikkje Jesus sjølv som døypte, men læresveinane hans - 3so tok han ut frå Judea og for til Galilea att. 4Han laut fara gjenom Samaria, 5og kom då til ein by i Samaria, som heiter Sykar og ligg tett ved den marki som Jakob gav Josef, son sin.#1 Mos 33,19; 48,22; Jos 24,32 6Der var Jakobsbrunnen. Jesus var trøytt av ferdi, og sette seg beint ned der innmed brunnen; det var ikring den sette timen. 7Då kjem det ei kvinna frå Samaria og vil draga upp vatn. Jesus segjer til henne: Lat meg få drikka! 8For læresveinane hans hadde gjenge inn til byen og skulde kjøpa mat. 9Korleis hev det seg, segjer den samaritanske kvinna, at du som er jøde, bed meg, ei samaritansk kvinna, um drikka? - for jødane hev ikkje nokoslag samlag med samaritanane.#2 Kong 17,24; Luk 9,52-53; Joh 8,48; Apg 10,28 10Jesus svara: Dersom du kjende Guds gåva, og visste kven han er, han som bed deg um drikka, so bad du han, og han gav deg levande vatn.#Jer 2,13; Joh 6,35; 7,37-39 11Herre, segjer kvinna, du hev ingen ting å draga upp med, og brunnen er djup! Kvar hev du då det levande vatnet frå? 12Er du då større enn Jakob, ættefaren vår, som hev gjeve oss brunnen? han hev sjølv drukke av han, og sønene og feet hans med. 13Jesus svara: Kvar den som drikk av dette vatnet vert tyrst att, 14men den som drikk av det vatnet eg vil gjeva han, vert aldri tyrst meir; for det vatnet eg gjev han, vert i han til ei kjelda med vatn som vell upp til æveleg liv.#Joh 6,27.35; 7,38 15Herre, sa kvinna, gjev meg det vatnet, so eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma alt hit og draga upp vatn! 16Han segjer til henne: Gakk og henta mannen din, og kom so hit att! 17Eg hev ingen mann, svara kvinna. Det er rett som du segjer, at du ikkje hev nokon mann, sa Jesus; 18for du hev havt fem menn, og den du hev no, er ikkje din mann. No sa du sant. 19Herre, eg ser at du er ein profet! sa kvinna.#Luk 7,16 20Federne våre tilbad Gud på dette fjellet, og de segjer at det er i Jerusalem ein skal tilbeda han.#5 Mos 12,5.11; 1 Kong 9,3 21Jesus segjer til henne: Tru meg, kvinna! det kjem ei tid då de ikkje skal tilbeda Faderen på dette fjellet og ikkje i Jerusalem heller. 22De tilbed det de ikkje kjenner, me tilbed det me kjenner; for frelsa kjem frå jødane.#1 Mos 12,3; Jes 2,3; Rom 3,2; 9,4 23Men det kjem ei tid, og ho hev alt kome, då dei rette tilbedarane skal tilbeda Faderen i ånd og sanning; for slike tilbedarar er det Faderen vil hava. 24Gud er ånd, og dei som tilbed han, lyt tilbeda i ånd og sanning. 25Kvinna segjer til han: Eg veit at Messias kjem - Messias er det same som Kristus -; når han kjem, skal han læra oss alt.#Joh 1,42 26Jesus segjer til henne: Det er eg - eg som talar med deg!#Joh 9,37 27I det same kom læresveinane hans. Dei undra seg yver at han tala med ei kvinna; like vel var det ingen som sa: Kva vil du henne? eller: Kvi talar du med henne? 28So let kvinna vasskrukka si standa og gjekk av stad til byen og sa til folki: 29Kom, so skal de sjå ein mann som hev sagt meg alt eg hev gjort! Skal tru han er Messias? 30Då gjekk dei ut or byen. Medan dei var på vegen til han, 31bad læresveinane han: Et, rabbi! 32Han svara: Eg hev ein mat som ikkje de veit um. 33Då sa læresveinane seg imillom: Tru nokon hev bore mat til han? 34Jesus segjer til dei: Min mat er at eg gjer det han vil som sende meg, og fullfører hans verk.#Joh 5,30; 6,38 35Segjer ikkje de: Det er endå fire månader fyrr hausten kjem? Men høyr kva eg segjer dykk: Lyft upp augo dykkar og skoda åkrane, korleis dei alt gulnar mot hausten!#Matt 9,37; Luk 10,2 36Den som haustar, fær løn og samlar grøda til æveleg liv, so dei skal få gleda seg saman både den som sår og den som haustar. 37For her høver det ordet: Det er ein som sår og ein annan som haustar. 38Eg hev sendt dykk ut til å hausta det som de ikkje hev havt noko arbeidt med; andre hev havt arbeidet, og de hev gjenge inn i arbeidet deira. 39Det var mange av samaritanane frå den byen som trudde på han for det som kvinna hadde sagt då ho vitna: Han hev sagt meg alt eg hev gjort! 40Då no samaritanane kom til han, bad dei at han vilde vera hjå dei, og han vart verande der tvo dagar. 41Og mange fleire trudde for skuld ordet han tala, 42og dei sa til kvinna: No trur me ikkje lenger for skuld det du hev tala; for me hev sjølve høyrt han, og veit no for visst at han er den som skal frelsa verdi.#Joh 17,8 43Då dei tvo dagane var lidne, tok han ut derifrå og for til Galilea;#Joh 4,40 44for Jesus vitna sjølv at ein profet vert ikkje æra i sitt eige fedreland.#Matt 13,57 45Då han no kom til Galilea, tok galilearane vel imot han; dei hadde set alt det han gjorde i Jerusalem på høgtidi; for dei hadde vore på høgtidi dei og. 46So kom han då atter til Kana i Galilea, der han hadde gjort vatn til vin. I Kapernaum var det ein kongsmann som hadde ein sjuk son.#Joh 2,1-11 47Då han fekk høyra at Jesus hadde teke ut frå Judea og var komen til Galilea, gjekk han til han og bad at han vilde koma ned og lækja son hans; for han låg på det siste. 48Jesus svara: Ser de ikkje teikn og under, so trur de ikkje.#Joh 2,18.23; 1 Kor 1,22 49Kongsmannen segjer til han: Herre, kom ned innan barnet mitt døyr! 50Jesus segjer til han: Gakk heim att! Son din lever. Mannen trudde det Jesus sa til han, og gjekk. 51Då han alt var på heimvegen, kom tenarane hans imot han og sa at guten hans levde. 52So spurde han dei kva tid det hadde vorte betre med han. Dei svara: I går den sjuande timen slepte sotti han. 53Då skyna faren at det var i den same timen som Jesus hadde sagt til han: Son din lever; og han trudde, både han og heile hans hus. 54Dette var det andre teiknet Jesus gjorde då han no atter kom frå Judea til Galilea.#Joh 2,11

Currently Selected:

Johannes 4: NO1938N

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy