Hebrearane 5
5
Tvo krav lyt setjast til den som skal vera vår øvsteprest: han lyt vera eit menneske, som kann hava medynk med menneske av di han sjølv kjenner kor vesalt eit menneske er, 1-3, og han lyt vera kalla av Gud til tenesta si, 4. Soleis er det og med Kristus: han er kalla av Gud til å vera øvsteprest, og i lidingi si syner han seg som eit sant menneske. Difor er han då og vår øvsteprest, som kann hjelpa oss til ei æveleg frelsa, 5-10. Brevskrivaren klagar yver lesarane for di dei enno berre er som born i sin kristendom og hev so lite åndeleg skyn, 11-14.
1For kvar øvsteprest vert teken bland menneske og vert innsett for menneske til tenesta for Gud, til å bera fram gåvor og slaktoffer for synder,#2 Mos 28,1-4; Hebr 8,3 2som ein sovoren som kann vera linnhjarta mot dei vankunnige og villfarande, av di han sjølv ligg under vesaldom,#Hebr 4,15; 2,18 3og for den skuld lyt han bera fram syndoffer som for folket, so og for seg sjølv.#3 Mos 9,7; 16,6 4Og ingen tek seg sjølv den æra, men den som vert kalla av Gud, liksom Aron.#2 Mos 28,1 5So hev ikkje Kristus heller teke seg den æra å verta øvsteprest, men han som sa til han: Du er Son min, eg hev født deg i dag.#Joh 8,54; Sal 2,7 6Liksom han og segjer ein annan stad: Du er prest til æveleg tid etter Melkisedeks vis.#Sal 110,4; Hebr 7,17 7Og han hev i sitt kjøts dagar med sterkt rop og tåror bore fram bøner og naudbeding til han som kunde frelsa han frå dauden, og vart bønhøyrd for sin gudlegdom,#Matt 26,39.42; Luk 22,41-44; Joh 12,27 8og soleis lærde han, endå han var Son, lydnad av det han leid;#Fil 2,8 9og då han var fullenda, vart han upphav til æveleg frelsa for alle som lyder han,#Hebr 2,10 10med di Gud kalla han øvsteprest etter Melkisedeks vis.#Hebr 5,6 11Um dette hev me mykje å segja, som og er vandt å leggja ut, etter di de hev vorte seinføre til å høyra. 12For endå de etter tidi skulde vore lærarar, treng de atter til at ein lærer dykk kva som er dei fyrste grunnar i Guds ord, og de hev vorte slike som treng til mjølk og ikkje fast føda.#Hebr 6,1-2; 1 Kor 3,2 13For kvar den som fær mjølk, er urøynd i rettferds ord; for han er eit barn.#1 Kor 3,1; 14,20 14Men fast føda er for vaksne, for dei som ved tame hev tilvande sansar til å skilja millom godt og vondt.
Currently Selected:
Hebrearane 5: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: