Hebrearane 4
4
Lesarane fær påminning um å halda fast ved trui på Guds ord i evangeliet, so dei fær ganga inn til den kvila som Gud hev ferdig, og som det endå er ope tilgjenge til, 1-10. Men ålvor og trott må det til; for Guds ord er levande og kraftigt og dømer alt, jamvel dei løyndaste tankar, og Gud er ein allvitande domar som ingen kann løyna seg for, 11-13. Dei må halda fast ved si kristne vedkjenning; for me hev ein stor øvsteprest, som kann gjeva oss hjelp, og som er viljug til å gjera det, for di han hev levt i dei same kåri som me, men utan synd, 14-16.
1Lat oss difor taka oss i vare for at nokon av dykk skal synast å verta standande etter, sidan ein lovnad um å koma inn til hans kvila endå stend att. 2For fagnadbodet er og forkynt oss, liksom for hine; men ordet dei høyrde, gagna ikkje dei, av di det ikkje ved trui var sameina med dei som høyrde det. 3For me som er komne til trui, me gjeng inn til kvila, etter det som han hev sagt: So svor eg i min vreide: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila - endå gjerningane var fullførde alt sidan verdi var grunnlagd.#Sal 95,11 4For han hev ein stad sagt so um den sjuande dagen: Og Gud kvilde den sjuande dagen alle sine gjerningar;#1 Mos 2,2 5og atter på denne staden: Sanneleg, dei skal ikkje koma inn til mi kvila.#4 Mos 14,29-30; 5 Mos 1,34-35 6Etter di det soleis sendt att nokre skal koma inn til henne, og dei som fyrst fekk fagnadbodet, ikkje kom inn for vantru skuld, 7so set han atter ein dag: i dag, med di han lenge segjer ved David so lang tid etter, som fyrr er sagt: I dag, um de høyrer hans røyst, so forherd ikkje hjarto dykkar!#Hebr 3,7-8 8For dersom Josva hadde ført dei til kvila, so hadde han ikkje deretter tala um ein annan dag.#5 Mos 31,7 9So stend det då att ei sabbatshelg for Guds folk. 10For den som er komen inn til hans kvila, han hev og fenge kvila frå sine gjerningar, liksom Gud sine.#Op 14,13 11Lat oss difor leggja vinn på å koma inn til den kvila, so ikkje nokon skal falla etter det same fyredøme på vantru. 12For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd, og trengjer seg igjenom, til dess det kløyver sjel og ånd, ledmot og merg, og dømer hjartans tankar og råder,#Jes 49,2; Jer 23,29; Op 1,16 13og ingen skapning er løynd for hans åsyn, men alt er nake og bert for hans augo som me hev å gjera med.#Sal 33,13-15; 139,1-5 14Sidan me no hev ein stor øvsteprest, som hev gjenge gjenom himlane, Jesus, Guds Son, so lat oss halda fast på vedkjenningi!#Hebr 3,1; 6,20; 7,26; 8,1 15For me hev ikkje ein øvsteprest som ikkje kann hava medynk med vår vesaldom, men ein som er røynd i alle ting i likning med oss, då utan synd.#Hebr 2,17; Matt 4,1; Luk 22,28; Jes 53,9; 2 Kor 5,21; 1 Pet 2,22 16Lat oss difor med frimod ganga fram for nådens kongsstol, so me kann få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid!#Hebr 10,22; Ef 3,12; 1 Joh 3,21
Currently Selected:
Hebrearane 4: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: