YouVersion Logo
Search Icon

Hebrearane 6

6
Lesarane må streva etter å veksa i åndeleg skyn, so dei kann koma lenger enn til barnelærdomen, 1-3; for det er fårleg å verta liggjande etter i kristeleg kunnskap, ja, det kann jamvel føra til eit fall som ein ikkje kann reisast upp frå, 4-8. Brevskrivaren vonar like vel at det ikkje er so ille med dei, 9.10; men med dei ålvorsame ordi sine vil han åtvara dei mot å vera seinføre og mana dei til å likna federne i den gamle pakti. Dei heldt i tolmod og tru fast ved Guds lovnad, som han sjølv hadde stadfest med eiden sin; difor fekk dei og det som var lova dei. So må då lesarane og halda fast ved den usviklege lesarane og halda fast ved den usviklege voni til Guds lovnad i tru og tillit til Jesus, vår ævelege øvsteprest, 11-20.
1Lat oss difor ganga framum barnelærdomen um Kristus og skrida fram mot det fullkomne, og ikkje atter leggja grunnvollen med umvending frå daude gjerningar og tru på Gud, 2med læra um dåp og handpåleggjing og uppstoda av daude og æveleg dom.#Hebr 5,12; 9,14 3Og dette vil me gjera, um Gud gjev lov til det.#Apg 18,21; Jak 4,15 4For det er umogeleg at dei som ein gong er upplyste og hev smaka den himmelske gåva og fenge lut i den Heilage Ande 5og hev smaka Guds gode ord og kraftene av den komande verdi, og so fell frå, atter kann uppnyast til umvending, 6sidan dei på nytt krossfester Guds Son for seg og gjer han til spott.#Hebr 10,26; Matt 12,31.45; 2 Pet 2,20; 1 Joh 5,16 7For den jordi som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber den gagnlege grøda åt dei som ho vert dyrka for, ho fær velsigning av Gud; 8men ber ho tornar og tistlar, so er ho udugleg og forbanning nær, og enden med henne er å verta brend.#Matt 21,19 9Men um dykk, de kjære, er me visse på det som betre er, og som høyrer til frelsa, endå me talar soleis. 10For Gud er ikkje urettferdig, so han skulde gløyma dykkar verk og den kjærleiken som de hev synt for hans namn, med di de hev tent og endå tener dei heilage.#Rom 3,5; 2 Krøn 15,7; Ordt 14,31; Matt 10,42; 25,40; 1 Kor 15,58 11Men me ynskjer at kvar ein av dykk må syna den same ihugen for den fulle vissa i voni alt til enden,#Hebr 3,6.14; Matt 24,13 12so de ikkje skal verta seinføre, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod erver det som var lova.#Hebr 6,15 13For då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv, sidan han ingen større hadde å sverja ved, og sa:#Sal 105,9; Luk 1,73 14Sanneleg, eg vil rikleg velsigna deg og gjera storleg mangfaldig.#1 Mos 22,16-17 15Og soleis vann han det som var lova, då han hadde venta med tolmod. 16For menneske sver ved ein større, og eiden er dei ein ende på all motsegn, til stadfesting.#2 Mos 22,11 17Difor gjekk Gud imillom med ein eid, då han enn meir vilde syna ervingane til lovnaden kor ubrigdeleg hans vilje var,#Hebr 6,13 18so me ved tvo ubrigdelege ting, som Gud umogeleg kunde svika i, skulde hava ei sterk trøyst, me som flydde til å gripa den voni som ventar oss,#Tit 1,2 19den me hev som eit anker for sjeli, eit som er trygt og fast og når inn um forhenget, 20der Jesus gjekk inn fyregangsmann for oss, med di han vart øvsteprest etter Melkisedeks vis til æveleg tid.#Hebr 3,1; 4,14; 5,6.10

Currently Selected:

Hebrearane 6: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in