1. Korintar 9
9
Paulus talar framleides um fridomen åt den kristne. Han set seg sjølv fram til eit fyredøme på korleis den truande, når kjærleiken krev det, viljugt bør lata vera å bruka fridomen sin: han hev sjølv i fleire måtar gjeve avkall på den fridomen og retten hev som apostel, 1-18 og han hev gjort seg til tenar for alle, so han kann vinna sjelene deira, 19-22. Han syner so korleis den kristne for si eigi skuld og bør vera varsam når han brukar fridomen, og manar lesarane til å vera fråhaldande og vinna yver seg sjølve, liksom dei som strider for å vinna sigersprisen i tevlingane, 23-27.
1Er eg ikkje fri? Er eg ikkje apostel? Hev eg ikkje set Jesus, vår Herre? Er ikkje de mitt verk i Herren?#Apg 9,3-19; 1 Kor 4,15 2Er eg ikkje apostel for andre, so er eg det i vissa for dykk; for de er innsiglet på mitt apostel-embete i Herren.#2 Kor 3,2-3 3Dette er mitt forsvar mot dei som dømer meg. 4Hev me ikkje rett til å eta og drikka?#Luk 10,7-8 5Hev me ikkje rett til å føra med oss ei syster som kona, men likso vel som dei andre apostlane og Herrens brør og Kefas?#Matt 8,14; 12,46 6Eller er det berre eg og Barnabas som ikkje hev rett til å sleppa å arbeida?#2 Tess 3,8-9 7Kven gjer vel nokon gong hertenesta på eigen kostnad? Kven plantar ein vinhage og et ikkje av frukti han ber? Eller kven føder ei hjord og nøyter ikkje av mjølki frå hjordi?#2 Kor 10,4; 1 Kor 3,6-8; 1 Pet 5,2 8Tålar eg dette berre etter menneskevis, eller segjer ikkje lovi og dette? 9For i Mose-lovi stend det skrive: Du skal ikkje setja muleband på ein ukse som du treskjer med. Er det uksane Gud hev umsut for,#5 Mos 25,4 10eller segjer han det ikkje berre for vår skuld? Jau, det er for vår skuld det er skrive at den som pløgjer, skal pløgja med von, og den som treskjer, skal gjera det med von um å få sin lut.#2 Tim 2,6 11Hev me sått for dykk dei åndeleg ting, er det då for mykje um me haustar dykkar timelege ting?#Rom 15,27; Gal 6,6 12Hev andre rett yver dykk, skulde då ikkje me mykje meir hava det? Men me hev ikkje bruka denne retten; me toler alt, so me ikkje skal leggja noko hinder for Kristi evangelium.#Apg 20,33; 2 Kor 11,7-9; 12,13; 1 Tess 2,9 13Veit de ikkje at dei som gjer tenesta i templet, fær si føda av templet, og dei som gjer tenesta ved altaret, fær lut med altaret?#4 Mos 18,8; 5 Mos 18,1-4 14Sameleis hev og Herren skipa det so for dei som forkynner evangeliet, at dei skal leva av evangeliet.#Matt 10,10 15Men eg hev ikkje gjort bruk av noko av dette. Eg skriv ikkje dette difor at det skal verta so med meg; for eg vil heller døy enn at nokon skulde gjera til inkjes det som eg rosar meg av.#Apg 18,3; 2 Tess 3,8 16For um eg forkynner evangeliet, so er det ikkje noko å rosa meg av, for det ligg naudsynt på meg, ja, usæl eg um eg ikkje forkynner evangeliet!#Rom 1,14 17For gjer eg det godviljugt, hev eg løn; men gjer eg det av di eg er nøydd, so er det då eit hushald som er meg yverlate.#1 Kor 4,1 18Kva er då mi løn? At eg, når eg forkynner evangeliet, gjer det for inkje, so eg ikkje brukar min rett i evangeliet.#1 Kor 9,15 19For endå eg er fri for alle, hev eg då gjort meg sjølv til tenar for alle, so eg kann vinna dei fleste,#Matt 20,28; 1 Kor 10,33 20og eg hev vorte som ein jøde for jødane, so eg kann vinna jødar, for dei som er under lovi, som ein som er under lovi - endå eg ikkje sjølv er under lovi - so eg kann vinna dei som er under lovi;#Apg 16,3; 18,18; 21,24 21for dei som er utan lov, hev eg vorte som ein som er utan lov - endå eg ikkje er lovlaus for Gud, men lovbunden for Kristus - so eg kann vinna dei som er utan lov;#Rom 2,14; 1 Kor 7,22 22for dei veike hev eg vorte veik, so eg kann vinna dei veike; for dei alle hev eg vorte alt, for at eg i alle høve skal kunna frelsa nokre.#Rom 15,1; 1 Kor 8,13; 10,33 23Men alt gjer eg for evangeliet skuld, so eg og kann få lut i det. 24Veit de ikkje at dei som kapprenner på skeidvollen, dei renner vel alle, men berre ein tek sigersprisen? Renn då soleis, so de kann få han!#Fil 3,14; Hebr 12,1 25Kvar den som er med i tevling, er fråhaldande i alt, hine so dei kann få ein forgjengeleg krans, men me ein uforgjengeleg.#1 Tim 6,12; 2 Tim 2,5; 1 Pet 1,4; 5,4 26So renner eg då ikkje som på det uvisse; eg fiktar ikkje som den som slær ut i veret;#2 Tim 2,5; 4,7 27men eg tvingar min lekam og trælkar han, so ikkje eg som preikar for andre, skal sjølv verta funnen uverdig.#Rom 6,18-19; 8,13; Kol 3,5
Currently Selected:
1. Korintar 9: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: