YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 8

8
Dei kristne skal ikkje bruka fridomen si soleis at dei let berre kunnskapen råda i sitt umgjenge med brør, men fyrst og fremst kjærleiken, 1-3. Jamvel um korintarane hev den rette kunnskapen at ein avgud er inkjevetta, bør dei like vel lata vera å eta kjøt frå dei heidne ofringane, so framt dei med å eta dette offerkjøtet kann vera til freisting for veike brør, 4-13.
1Men vedkomande avgudsoffer, so veit me at me alle hev kunnskap. - Kunnskapen blæs upp, men kjærleiken byggjer upp.#Apg 15,20.29 2Um nokon tykkjest kjenna noko, han hev aldri kjent noko soleis som ein skal kjenna det.#Gal 6,3; 1 Tim 6,4 3Men um nokon elskar Gud, so er han kjend av han. -#Sal 1,6; Joh 10,14.27; Gal 4,9 4Når det no gjeld det å eta kjøt av avgudsoffer, so veit me at ingen avgud i verdi er til, og at det finst ingen annan Gud enn ein.#1 Kor 10,19-20; 5 Mos 4,39; 6,4; 1 Tim 2,5 5For um det og er dei som vert kalla gudar, anten i himmelen eller på jordi - som det er mange gudar og mange herrar - 6so finst det då for oss berre ein Gud, Faderen, som alle ting er av, og me til han, og ein Herre, Jesus Kristus, som alle ting er til ved, og me ved han.#Mal 2,10; Rom 11,36; Apg 17,28; Joh 13,13; Ef 4,5; Joh 1,3 7Men den kunnskapen hev ikkje alle; sume gjer seg endå samvit for avguden skuld og et det som avgudsoffer, og etter di samvitet deira er veikt, vert det ureint.#1 Kor 10,28 8Men mat gjev oss ikkje verd for Gud; korkje vinn me noko um me et, eller taper noko um me ikkje et.#Rom 14,17; Hebr 13,9; 1 Tim 4,8 9Men sjå til at ikkje denne fridomen dykkar vert til støyt for dei veike!#1 Pet 2,16; Rom 14,13.20 10For um nokon ser deg som hev kunnskap, sitja til bords i avgudshuset, vert då ikkje samvitet hjå han som er veik, tilstyrkt til å eta avgudsoffer? 11Den veike vert då fortapt for din kunnskap skuld, den bror som Kristus døydde for!#Rom 14,15.20 12Men når de soleis syndar mot brørne og sårar deira veike samvit, so syndar de mot Kristus 13Difor, dersom mat valdar at bror min fell, so vil eg i all æva ikkje eta kjøt, so eg ikkje skal valda at bror min fell.#Rom 14,21

Currently Selected:

1. Korintar 8: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in