1. Korintar 10
10
Paulus set Israels åtferd og lagnad i øydemarki fram til fyredøme på kor fårleg det er for den kristne um han ikkje brukar fridomen sin med varsemd, 1-13. Difor skal dei kristne i Korint heilt halda seg frå å vera med på offermåltidene åt heidningane; for med det vilde dei koma burt i sjølve avgudsdyrkingi, 14-22; men elles kann dei nok eta av offerkjøtet, so framt dei kann gjera det utan å vera til freisting for veike brør, 23-30. So endar Paulus talen um korleis dei kristne skal bruka fridomen sin, med å leggja dei på hjarta at dei skal gjera alt til Guds æra og ikkje vera til freisting for nokon, etter hans fyredøme, 31-11,1.
1For eg vil ikkje, brør, at de skal vera uvitande um at federne våre var alle under skyi og gjekk alle gjenom havet#2 Mos 13,21-22; Sal 78,14; 2 Mos 14,22 2og vart alle døypte til Moses i skyi og havet, 3og dei åt alle den same åndelege maten#2 Mos 16,15; Sal 105,40 4og drakk alle den same åndelege drykken; for dei drakk av det åndelege berget som fylgde dei, og berget var Kristus.#2 Mos 17,6; Sal 78,16; 1 Mos 49,24; Jes 30,29 5Men like vel hadde Gud ikkje hugnad i dei fleste av dei; for dei vart nedslegne i øydemarki.#Hebr 3,17-19; 4 Mos 11,33 6Men alt dette hende til fyredøme for oss, so ikkje me skal trå etter det vonde, liksom dei trådde etter det.#4 Mos 11,34; Sal 78,30 7Vert ikkje heller avgudsdyrkarar, liksom nokre av dei, som skrive stend: Folket sette seg ned til å eta og drikka og stod upp til å leika.#1 Kor 10,14; 2 Mos 32,6 8Lat oss ikkje heller gjera hor, liksom nokre av dei dreiv hor og fall på ein dag tri og tjuge tusund!#4 Mos 25,1-9 9Lat oss ikkje heller freista Kristus, liksom nokre av dei freista han og vart tynte av hoggormar!#4 Mos 21,5-9 10Murra ikkje heller, liksom nokre av dei murra og vart tynte av tynaren!#4 Mos 16,41-50 11Men dette hende dei so det skulde vera til fyredøme, og det er skrive til påminning for oss, som dei siste tider er komne til.#Rom 4,23-24; Hebr 9,26 12Difor, den som tykkjer han stend, han sjå til at han ikkje fell!#Rom 11,20 13Dykk hev ingi freisting råka som menneske ikkje kann bera; og Gud er trufast, som ikkje skal lata dykk verta freista utyver det de toler, men skal laga både freistingi og utgangen på henne, so de kann halda det ut.#1 Kor 1,9; 1 Tess 5,24 14Difor, mine kjære, fly frå avgudsdyrkingi!#Apg 15,20.29; 2 Kor 6,16 15Eg talar til dykk som til skynsame folk. Døm sjølve um det eg segjer!#1 Kor 2,15 16Velsigningskalken som me velsignar, er han ikkje samfund med Kristi blod? Brødet som me bryt, er det ikkje samfund med Kristi lekam?#Matt 26,26-27 17Av di der er eitt brød, er me EIN lekam, endå me er mange; for me fær alle vår lut av det eine brødet.#1 Kor 12,13.27; Rom 12,5 18Sjå på Israel etter kjøtet! Hev ikkje dei som et offeri, samfund med altaret?#3 Mos 7,6 19Kva meiner eg so? At det er noko avgudsoffer til? eller at det er nokon avgud til?#1 Kor 8,4 20Nei, men at det dei ofrar, det ofrar dei til vonde ånder og ikkje til Gud; men eg vil ikkje at de skal koma i samfund med dei vonde åndene.#Sal 96,5 21De kann ikkje drikka kalken åt Herren og kalken åt vonde ånder; de kann ikkje hava bordsamlag med Herren og bordsamlag med vonde ånder.#2 Kor 6,15 22Eller torer me eggja Herren til harm? Me er då vel ikkje sterkare enn han?#5 Mos 32,21 23Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt hev eg lov til, men ikkje alt uppbyggjer.#1 Kor 6,12 24Ingen søkje bate for seg sjølv, men kvar og ein det som batar den andre!#1 Kor 10,33; Rom 15,2; Fil 2,4 25Et alt som vert selt i slaktarbui, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld! 26for jordi og alt det som fyller henne, høyrer Herren til.#2 Mos 19,5; Sal 24,1; 50,12 27Og um nokon av dei vantruande bed dykk til gjest, og de vil ganga dit, so et alt som vert framsett for dykk, og spør ikkje meir um det for samvitet skuld! 28Men segjer nokon til dykk: Dette er avgudsoffer, so et ikkje, for hans skuld som fortalde det, og for samvitet skuld!#1 Kor 8,7 29Samvitet, segjer et, ikkje eins eige, men samvitet hjå den andre. For kvi skal min fridom dømast av annan manns samvit? 30Um eg et med takk, kvi skal eg då verta spotta for det som eg takkar for?#Rom 14,6 31Anten de so et eller drikk, eller kva de gjer, so gjer alt til Guds æra!#5 Mos 8,10; Kol 3,17 32Ver ikkje til meinstøyt korkje for jødar eller grekarar eller for Guds kyrkja;#Rom 14,13 33ver liksom eg, som i alt strevar å tekkjast alle og ikkje tenkjer på det som er gagnleg for meg sjølv, men for dei mange, at dei må verta frelste.#Rom 15,2; 1 Kor 9,19.22; Fil 2,4
Currently Selected:
1. Korintar 10: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: