1. Korintar 7
7
Apostelen talar um ekteskapet som den skipnaden som er sett av Gud til vern mot utukt. Han talar fyrst um kvifor det er rådleg å gifta seg, og korleis ektefolk skal leva med kvarandre, 1-7, gjev so di rekkja fyresegner for giftarmål og skilsmål, millom anna og den regelen at den kristne ikkje bør vera snar til å ganga frå dei ytre livskåri han var sett i då han vart kalla til trui, 8-24, og talar til slutt um møyar og giftarmål og um enkjor og uppatgifte, 25-40.
1Men vedkomande det som de skreiv um, so er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinna; 2men for hor skuld skal kvar mann hava si eigi kona, og kvar kvinna sin eigen mann. 3Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen. 4Kona råder ikkje yver sin eigen lekam, men mannen; like eins råder ikkje heller mannen yver sin eigen lekam, men kona. 5Haldt dykk ikkje frå einannan utan etter samråd, til ei tid, so de kann leva berre for bøn, og kom so saman att, so Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kann vera fråhaldande. 6Men dette segjer eg som eit løyve, ikkje til påbod. 7Eg vilde at alle menneske var liksom eg; men kvar hev si eigi nådegåva av Gud, den eine so, den andre so.#Matt 19,12; 1 Kor 12,11 8Til dei ugifte og til enkjone segjer eg: Det er godt for dei um dei vert verande som eg; 9men kann dei ikkje halda seg frå, so fær dei gifta seg; for det er betre å gifta seg enn å lida brune.#1 Tim 5,14 10Men dei som er gifte, byd ikkje eg, men Herren, at kona ikkje må skiljast frå mannen -#Matt 5,32; 19,6-12; Mark 10,11-12; Luk 16,18 11men er ho skild frå han, skal ho verta verande ugift eller semjast med mannen - og at ein mann ikkje må skilja seg frå kona si. 12Til dei andre segjer eg, ikkje Herren: Um ein bror hev ei vantruande kona, og ho samtykkjer i å bu hjå han, so skal han ikkje skilja seg frå henne; 13og um ei kona hev ein vantruande mann, og han samtykkjer å bu hjå henne, so skal ho ikkje skilja seg frå mannen. 14For den vantruande mannen er helga ved kona, og den vantruande kona er helga ved mannen, sidan han er ein bror; for elles var borni dykkar ureine, men no er dei heilage.#Rom 11,16 15Men skil den vantruande seg ifrå, so lat han skilja seg; broren eller systeri er ikkje trælbundne i slike ting, men Gud hev kalla oss til fred. 16For kva veit du, kona, um du kann frelsa mannen din? Eller kava veit du, mann, um du kann frelsa kona di?#1 Pet 3,1 17Berre at kvar må ferdast so som Herren hev gjeva han, som Gud hev kalla han. Og soleis segjer eg fyre i alle kyrkjelydane.#1 Kor 7,20.24 18Var nokon umskoren då han vart kalla, so skal han ikkje draga fyrehud yver; var nokon u-umskoren då han vart kalla, so skal han ikkje lata seg umskjera! 19Det spørst ikkje um umskjering eller fyrehud, men um det å halda Guds bod.#Gal 5,6; 6,15 20Kvar og ein verte verande i det kall som han var i då han vart kalla! 21Vart du kalla som træl, so syt ikkje for det! Men kann du og verta fri, so gjer heller bruk av det! 22For den træl som er kalla i Herren, han er Herrens frigjevne; sameleis er og den fri som er kalla, Kristi træl.#Gal 3,28; Joh 8,36; Rom 6,18.22; Gal 5,13; Ef 6,6; 1 Pet 2,16 23De er dyrt kjøpte; vert ikkje trælar for menneske!#1 Kor 6,20; 1 Pet 1,18-19; Hebr 9,12 24Ja, brør, kvar og ein verte verande hjå Gud i det stand han var i då han vart kalla! 25Um møyane hev eg ikkje noko bod frå Herren, men eg segjer mi meining, sidan eg av Herren hev fenge miskunn til å vera truverdig.#1 Kor 7,12; 2 Kor 4,1 26Eg meiner då det at det for den noverande naud skuld er godt for eit menneske å leva soleis.#Jer 16,2-4 27Er du bunden til ei kona, so søk ikkje skilsmål! Er du ikkje bunden til ei kona, so søk ikkje ei kona! 28Men um du og gifter deg, syndar du ikkje, og um ei møy gifter seg, syndar ho ikkje; men dei som det gjer, kjem til å få trengsla for kjøtet og eg vilde gjerne spara dykk. 29Men det segjer eg, brør: Tidi er stutt, so at dei som hev konor, skal heretter vera som dei som ikkje hev,#1 Pet 4,7 30og dei som græt, som dei som ikkje græt, og dei som gleder seg, som dei som ikkje gleder seg, og dei som kjøper, som dei som ikkje eig noko, 31og dei som brukar denne verdi, som dei som ikkje brukar henne; for skapnaden åt denne verdi forgjengst.#Jes 40,6; 1 Joh 2,17 32Eg vil gjerne at de skal vera utan umsut. Den ugifte hev umsut for det som høyrer Herren til, korleis han kann vera Herren til hugnad; 33men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis han skal vera kona til hugnad.#Ef 5,28-29 34Det er skilnad på kona og møy. Den ugifte kvinna hev umsut for det som høyrer Herren til, at ho kann vera heilag både på lekam og ånd; men den gifte hev umsut for det som høyrer verdi til, korleis ho kann vera mannen til hugnad. 35Dette segjer eg til dykkar eige gagn, ikkje til å setja ei snara for dykk, men til å fremja det som sømer seg: å halda urikkeleg fast ved Herren. 36Men um nokon trur at han gjer urett mot den ugifte dotter si når ho er yver ungdomsalderen, og det lyt so vera, han gjere då som han vill; han syndar ikkje; lat dei gifta seg! 37Men den som stend fast i hjarta og ikkje er nøydd, men kann fylgja sin eigen vilja og hev sett seg det fyre i sitt hjarta at han vil halda dotter si ugift, han gjer vel. 38So gjer då den vel som gifter burt, og den som ikkje gifter burt, gjer betre. 39Ei kona er bundi so lenge mannen hennar lever; men når mannen hennar er avliden, er ho fri, so ho kann gifta seg med kven ho vil, berre det vert gjort i Herren.#Rom 7,2 40Men sælare er ho um ho vert verande som ho er, etter mi meining. Men eg trur og at eg hev Guds Ande.#1 Tess 4,8
Currently Selected:
1. Korintar 7: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: