1. Korintar 6
6
Paulus lastar korintarane for di dei hev rettssaker mot kvarandre, og at dei kjem med sakene sine til heidne domarar, 1-11. Han åtvarar dei mot den trui at hor skulde høyra med til fridomen åt den kristne, og lærer dei at ingi synd vanærar lekamen og røvar frå Gud hans æra i lekamen vår so som hor, 12-20.
1Vågar nokon av dykk, når han hev sak mot ein annan, å søkja dom hjå dei urettferdige og ikkje hjå dei heilage? 2Eller veit de ikkje at dei heilage skal døma verdi? Og dersom verdi vert dømd av dykk, er de då uverdige til å døma i dei minste saker?#Matt 19,28 3Veit de ikkje at me skal døma englar, og då vel mykje meir i timelege ting? 4Når de då hev saker um timelege ting, so set de dei til domarar som er vanvyrde i kyrkjelyden! 5Til skam for dykk segjer eg det. So finst det då ingen vis mann hjå dykk, ikkje ein einaste, som kann skilja tretta for bror sin?#1 Kor 15,34 6Men bror fører sak mot bror, og det endå for vantruande domarar! 7Det er no det heile eit tap for dykk at de hev saker med kvarandre. Kvi lid de ikkje heller urett? Kvi toler de ikkje heller uskil?#Ordt 20,22; Matt 5,40; Rom 12,19; 1 Tess 5,15 8Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør!#3 Mos 25,14 9Eller veit de ikkje at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller slike som let seg bruka til synd mot naturi, eller slike som sjølve gjer sovori synd,#Gal 5,19-21; Ef 5,5; Hebr 12,14; Op 22,15; Gal 6,7; 3 Mos 18,22; Rom 1,27 10eller tjuvar eller havesjuke eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike. 11Og slike var sume av dykk; men de hev late dykk två, de er helga, de er rettferdiggjorde i Herren Jesu namn og i vår Guds Ande.#Ef 2,2-10; 5,8; Kol 3,7; Tit 3,3; 1 Kor 1,2; Hebr 10,22 12Alt hev eg lov til, men ikkje alt gagnar; alt hev eg lov til, men eg skal ikkje lata noko få makt yver meg.#1 Kor 10,23 13Maten er for magen, og magen for maten; og Gud skal gjera ende både på den eine og den andre. Men lekamen er ikkje for hor, men for Herren og Herren for lekamen;#Matt 15,17-18 14og Gud vekte upp Herren og skal og vekkja oss upp ved si kraft.#Rom 6,5.8 15Veit de ikkje at lekamen dykkar er Kristi lemer? Skal eg då taka Kristi lemer og gjera dei til lemer åt ei skjøkja? Langt ifrå!#1 Kor 12,27; Ef 4,15-16; 5,30 16Eller veit de ikkje at den som held seg til skjøkja, er EIN lekam med henne? For det er sagt: Dei tvo skal vera eitt kjøt.#1 Mos 2,24; Matt 19,5 17Men den som held seg til Herren er EI ånd med han.#Joh 17,21 18Fly hor! All synd som eit menneske kann gjera, er utanfor lekamen, men den som gjer hor, syndar imot sin eigen lekam.#1 Kor 10,8 19Eller veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de hev frå Gud, og at de ikkje er dykkar eigne?#1 Kor 3,16; 2 Kor 6,16; Ef 2,21 20For de er dyrt kjøpte. Æra då Gud i dykkar lekam!#1 Kor 7,23; 1 Pet 1,18-19; Op 5,9; Fil 1,20
Currently Selected:
1. Korintar 6: Bibel1938
Highlight
Share
Copy
Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in
© Norwegian Bible Society 1938
© Bibelselskapet 1938
https://www.bibel.no/Nettbibelen/Opphavsrett_2

: