YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 5

5
Paulus lastar korintarane for di det var folk som dreiv hor millom dei, og serleg for di ein kyrkjelydlem levde i blodskam med stykmor si, 1.2. Denne grove syndaren vil han dei straks skal støyta ut or kyrkjelyden og gjeva yver til Satan, um han med det kunde førast til bot, 3-8. Paulus vil ikkje at dei skal hava umgjenge med openberre syndarar innan kyrkjelyden, 9-13.
1Der gjeng allfares ord um hor hjå dykk, og det slikt hor som ikkje ein gong vert nemnt hjå heidningane: at ein held seg med kona åt far sin.#3 Mos 18,8; 5 Mos 27,20 2Og de er uppblåsne, endå de langt heller skulde syrgja, so den som hev gjort denne gjerningi, kunde verta støytt ifrå dykk. 3For eg, som vel er fråverande med lekamen, men nærverande med åndi, eg hev alt dømt, som eg var nærverande, at den som hev gjort dette,#2 Kor 13,10; Kol 2,5 4han skal i vår Herre Jesu Kristi namn, med di de og mi ånd kjem saman i vår Herre Jesu Kristi kraft, 5verta yvergjeven til Satan til tyning av kjøtet, so åndi kann verta frelst på Herren Jesu dag.#1 Tim 1,20 6Det er ikkje fagert det som de rosar dykk av. Veit de ikkje at ein liten surdeig syrer heile deigen?#Gal 5,9 7Reinsa difor ut den gamle surdeigen, so de kann vera ny deig, liksom de er usyrde! for vårt påskelamb er då slakta: Kristus.#Jes 53,7; Joh 1,29; 1 Pet 1,19; 2,24 8Lat oss so halda helg, ikkje med gamal surdeig eller med vondskap og ugudlegskaps surdeig, men med reinleiks og sannings usyrde brød!#2 Mos 12,3.15.19 9Eg skriv til dykk i brevet mitt at de ikkje skulde hava umgjenge med horkarar,#2 Kor 6,14; 2 Tess 3,6.14 10og då meinte eg ikkje horkarane i denne verdi i det heile, eller dei havesjuke og røvarane eller avgudsdyrkarane, for elles laut de ganga ut or verdi; 11men det eg skreiv til dykk, var at de ikkje skulde hava umgjenge med nokon som er kalla bror og er ein horkar eller havesjuk eller avgudsdyrkar eller baktalar eller drikkar eller røvar, so de ikkje ein gong et i lag med han. 12For kvar hev vel eg med å døma dei som er utanfor? Dømer ikkje de og berre dei som er innanfor?#Mark 4,11; Kol 4,5; 1 Tess 4,12 13men dei som er utanfor, skal Gud døma. So støyt då den vonde ut ifrå dykk!#5 Mos 13,5; 22,21

Currently Selected:

1. Korintar 5: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in