YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 4

4
Paulus talar framleis um kor rangt korintarane hev fare åt mot lærarane sine. Han segjer dei kva ein kristen kyrkjelyd med rette bør sjå i lærarane sine: Kristi tenarar, som ikkje skal dømast av menneske, 1-5, og syner kva som er den eigenlege grunnen til usemja og tretta um lærarane: deira ovmod og verdslege hug, som stend i sterk motsetnad til åtferdi åt apostlane, 6-13. Lesarane må ikkje tru at Paulus hev tala so kvast for di han vilde vanæra dei; han hev berre vilja hjelpa dei til rettes i faderleg kjærleik; men han etlar seg til å vera streng som ein far mot dei når han no snart kjem til byen deira, 14-21.
1So skal de då halda oss for Kristi tenarar og hushaldarar yver Guds løyndomar!#Tit 1,7; 1 Pet 4,10 2Elles vert det kravt av hushaldarar at dei må verta funne true.#Luk 12,42 3Men for meg hev det lite på seg å verta dømd for dykk eller av ein menneskjeleg domstol; ja, eg dømer ikkje meg sjølv di heller; 4for vel veit eg ingen ting med meg sjølv, men med det er eg ikkje rettferdiggjord; men den som dømer meg, er Herren.#Sal 130,3; Rom 3,20; Sal 35,24 5Døm difor ikkje nokon fyre tidi, fyrr Herren kjem, han som og skal føra fram i ljoset det som er dult i myrkret, og openberra rådene i hjarto; og då skal kvar og ein få si ros av Gud.#Matt 25,31; Op 20,12 6Dette, brør, hev eg yverført på meg sjølv og Apollos for dykkar skuld, so de må læra av oss at ein ikkje skal ganga ut um det som skrive stend, so ingen av dykk skal blåsa seg upp, for den eine i mot den andre.#1 Kor 1,12; 3,4 7For kven gjev vel deg fyremun? Og kva hev du, som du ikkje hev fenge? Men um du no og hev fenge noko, kvi rosar du deg då som um du ikkje hadde fenge det?#Joh 3,27; Jak 1,17 8De hev alt vorte mette; de hev alt vorte rike; utan oss hev de vorte herrar! Ja, gjev de hadde vorte herrar, so me kunde vera herrar saman med dykk!#Jer 2,31 9For eg tykkjer at Gud hev synt oss apostlar fram som dei ringaste, som dømde frå livet; for me hev vorte til eit skodespel for verdi, både for englar og for menneske.#Sal 44,23; 2 Kor 4,11; Hebr 10,33 10Me er dårar for Kristi skuld, men de er kloke i Kristus; me er veike, men de er sterke; de er heidra, men me ærelause.#1 Kor 3,18; 2,3; 2 Kor 13,9 11Alt til denne stund er me både hungrige og tyrste og nakne og slegne og heimlause og mødde,#2 Kor 11,27; Apg 23,2; 2 Kor 6,5; 11,23 12med di me arbeider med våre eigne hender; me vert utskjelte - og me velsignar; me vert forfylgde - og me tek det med tol;#Apg 18,3; 20,34; Matt 5,44; Luk 6,28; 23,34 13me vert spotta - og me påminner; me hev vorte som avrak i verdi, utskot for alle til denne stund.#Klag 3,45 14Eg skriv ikkje dette til vanæra for dykk, men av di de er mine kjære born, påminner eg dykk.#1 Tess 2,11 15For um de hev ti tusund læremeistrar i Kristus, so hev de då ikkje mange feder; for i Kristus Jesus hev eg avla dykk ved evangeliet.#Apg 18,11; Gal 4,19; Filem 1,10 16Eg legg dykk difor på hjarta: Vert mine etterfylgjarar!#1 Kor 11,1; Fil 3,17; 1 Tess 1,6 17Difor sende eg dykk Timoteus, som er mitt kjære og trufaste barn i Herren, so han skulde minna dykk um mine vegar i Kristus, soleis som eg lærer alle stader hjå kvar kyrkjelyd.#1 Kor 16,10 18Men sume hev blåse seg upp, men di dei tenkte at eg ikkje skulde koma til dykk. 19Men eg kjem til dykk snart, um Herren vil, og fær då læra å kjenna ikkje ordi, men krafti hjå dei som er uppblåsne.#Jak 4,15 20For Guds rike stend ikkje i ord, men kraft.#1 Kor 2,4; 1 Tess 1,5 21Kva vil de? Skal eg koma til dykk med ris eller med kjærleik og mjuklyndt ånd?#2 Kor 10,1-4

Currently Selected:

1. Korintar 4: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in