YouVersion Logo
Search Icon

1. Korintar 2

2
Difor hev då Paulus ikkje heller forkynt evangeliet i Korint med vise ord, 1-5. Ein visdom hev han nok å forkynna; men denne visdomen er heilt ulik den menneskjelege, og berre dei som hev åndeleg sans, kann gripa han, 6-16.
1Og eg, brør, då eg kom til dykk, kom eg ikkje med meisterskap i ord eller i visdom og forkynte dykk Guds vitnemål.#1 Kor 2,4.13; 1,17 2For eg vilde ikkje vita noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.#Gal 6,14 3Og eg var hjå dykk med vanstyrke og med otte og med mykje hjartebiv.#2 Kor 10,10; 12,5.9 4Og min tale og mi forkynning var ikkje med visdoms yvertalande ord, men med provføring av Ande og kraft,#1 Kor 2,1 5so trui dykkar ikkje skulde vera grunna på menneskevisdom, men på Guds kraft.#1 Tess 1,5 6Men visdom talar me hjå dei fullkomne, men ein visdom som ikkje høyrer denne verdi til eller herrane i denne verdi, dei som forgjengst;#Jak 3,15; 1 Kor 1,20 7nei, som ein løyndom; talar me Guds visdom, den dulde, som Gud frå ævelege tider hev etla til vår herlegdom,#Sal 51,8; Rom 16,25 8den ingen av herrane i denne verdi kjende; for hadde dei kjent han, so hadde dei ikkje krossfest herlegdoms-herren;#Matt 11,25; Joh 7,48; Apg 3,15 9men som skrive stend: Det som auga ikkje såg og øyra ikkje høyrde, og som ikkje kom upp i menneskehjarta, det som Gud etla dei som elskar han.#Jes 64,3; Jak 1,12 10Men for oss hev Gud openberra det ved sin Ande. For Anden ransakar alle ting, jamvel dyptene i Gud;#Matt 13,11; 16,17 11for kva menneske veit kva som bur i mennesket, utan menneskeåndi, som er i det? So veit heller ingen kva som bur i Gud, utan Guds Ande;#Ordt 20,27 12men me hev ikkje fenge den ånd som høyrer verdi til, men den Ande som er av Gud, so me skal kjenna det som er oss gjeve av Gud,#Rom 8,15 13det som me talar um, ikkje med ord som menneskjeleg visdom lærer oss, men med ord som Anden lærer oss, med di me tyder åndelege ting med åndelege ord.#1 Kor 2,1.4 14Men eit naturleg menneske tek ikkje mot det som høyrer Guds Ande til; for det er han ein dårskap, og han kann ikkje kjenna det, for det vert dømt åndeleg. 15Men den åndelege dømer alt, men sjølv vert han dømd av ingen.#Ordt 28,5; 1 Tess 5,21; 1 Joh 2,20 16For kven kjende Herrens hug, so han kunde læra han? Men hev Kristi hug.#Job 15,8; Jes 40,13; Jer 23,18; Rom 11,34

Currently Selected:

1. Korintar 2: Bibel1938

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in