YouVersion Logo
Search Icon

Efesarane 1

1
Helsing
1Paulus, etter Guds vilje Jesu Kristi apostel, helsar dei heilage i Efesos, dei som trur på Kristus Jesus. #1,1 i Efesos Orda vantar i dei eldste handskriftene. Brevet har truleg vore sendt til fleire kyrkjelydar i Vesleasia.#1 Kor 1,1; Kol 1,1 2Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!
Gud vere lova for nåden i Kristus!
3Lova vere Gud, ¬vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus ¬har velsigna oss
med all Andens velsigning ¬i himmelen. #2 Kor 1,3; Ef 2,6; 1 Pet 1,3
4I Kristus har han valt oss ut ¬før verda vart skapt,
så vi skulle vera heilage ¬og lytelause for hans åsyn. #Joh 15,16; Rom 8,29f; Ef 5,27; 2 Tess 2,13
5I kjærleik og av eigen fri vilje
har han føreåt etla oss
til å få barnekår hjå seg ¬ved Jesus Kristus, #Joh 1,12+
6til lov og ære ¬for hans herlegdom
og for den nåde han gav oss ¬i sin kjære Son. #Matt 3,17
7I han har vi utløysinga
som vart vunnen ved hans blod,
forlating for syndene.
Så rik er hans nåde, #Rom 3,24f+; 1 Kor 1,30; Ef 2,7; Kol 1,14
8som han i rikt mål ¬har late oss få.
Han gav oss all visdom ¬og alt skjøn, #Kol 1,9
9då han kunngjorde oss ¬løyndomen om sin vilje,
den frie avgjerd han hadde teke #Matt 13,11+; Ef 3,9
10om å fullføra sin frelsesplan ¬når tida var inne:
å sameina alt i Kristus,
både det i himmelen ¬og det på jorda. #Gal 4,4; Kol 1,16.20
11I han har vi fått arvelut,
vi som føreåt var etla til det
etter Guds forsett,
han som gjennomfører alle ting
etter sin plan og vilje. #Rom 8,28f; Kol 1,12
12Så skulle vi vera til lov og ære ¬for hans herlegdom,
vi som alt no har sett vår von ¬til Kristus.
13I han kom de òg til tru
då de høyrde sanningsordet,
evangeliet om frelsa dykkar.
I han er de merkte med eit segl,
Den Heilage Ande ¬som var lova, #2 Kor 1,22+
14han som er pantet på arven vår
til dess utløysinga kjem ¬for Guds folk,
til lov og ære ¬for hans herlegdom.
Takk og bøn
15Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. #1 Tess 1,2+; Kol 1,3f 16For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. #Kol 1,9f 18Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, #Rom 5,2; Kol 1,12 19og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke #2 Kor 13,4 20reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, #Sal 110,1; Apg 2,32f+ 21over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. #Kol 1,16; 2,10 22Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, #Sal 8,6; Ef 4,15 23som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.#1 Kor 12,12+; Ef 4,10; Kol 1,19

Currently Selected:

Efesarane 1: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy