YouVersion Logo
Search Icon

Galatarane 6

6
Ansvar for andre og for seg sjølv
1Brør, skulle einkvan verta gripen i eit feilsteg, så må de som lever ved Anden, hjelpa han til rettes. Men gjer det med varsemd, og akta deg sjølv, så ikkje du òg vert freista. #Matt 18,15ff+ 2Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov. #Joh 15,12; Rom 15,1; 2 Kor 11,29 3Den som trur han er noko, men ingenting er, han lurer seg sjølv. #1 Kor 4,7 4Kvar skal prøva si eiga gjerning. Han skal ha si ros av det han sjølv har gjort, og ikkje sjå på dei andre. #2 Kor 13,5 5For kvar skal bera si eiga bør. #Rom 14,12 6Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin. #1 Kor 9,11.14 7Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta. 8Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden. #Rom 8,13 9Lat oss gjera det gode og ikkje trøytna! Når tida kjem, skal vi hausta, berre vi ikkje gjev opp. #2 Tess 3,13 10Så lat oss gjera godt mot alle så lenge det er tid, og mest mot dei som er våre sysken i trua.#2 Pet 1,7
Sluttord
11Sjå kor store bokstavar eg nyttar når eg no med mi eiga hand skriv til dykk! #1 Kor 16,21+ 12Dei som vil tvinga dykk til omskjering, er slike som vil ta seg godt ut mellom menneske, så dei skal sleppa verta forfylgde for Kristi kross. #5,11 13For dei som lèt seg omskjera, held ikkje lova sjølve; men dei vil at de skal omskjerast, så dei kan skryta av det som er gjort med dykk på kroppen. 14Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. #1 Kor 1,23.31; 2,2 15For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. #2 Kor 5,17; Gal 5,6; Ef 4,24 16Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel! #Sal 125,5; 128,6 17Heretter må ingen valda meg møde meir, for eg ber Jesu merke på lekamen min. #6,17 Jesu merke Trælar bar merket åt herren sin. Dei merke Paulus ber etter mishandling og sjukdom, viser at han er Jesu tenar.#Kol 1,24+ 18Vår Herre Jesu Kristi nåde vere med dykkar ånd, brør! Amen.#Fil 4,23; 2 Tim 4,22; Filem 25

Currently Selected:

Galatarane 6: N78NN

Highlight

Share

Copy

None

Want to have your highlights saved across all your devices? Sign up or sign in

YouVersion uses cookies to personalize your experience. By using our website, you accept our use of cookies as described in our Privacy Policy